Hopp til innhold

- Forgreip seg mot 10-åring

Den 34 år gamle mannen som er sikta for drapet på Ingvild Myking (37) på Hylkje, torsdag, skal ha forgripe seg på den 10 år gamle veninna til drapsofferet si

dotter.

Hylkje-drapet
Foto: NRK

Det skriv fleire aviser i dag.

Politiinspektør Svein Erik Krogvold ved Hordaland politidistrikt stadfestar at den sikta 34 åringen i tillegg til drap, er sikta for eit seksuelt overgrep.

- Eg vil av omsyn til dei to 10 år gamle jentene ikkje kommentera saka nærmare. Det eg kan seia er at 34-åringen er sikta for eit seksuelt overgrep, seier Krogvold.

Han vil ikkje seia kven 34-åringen skal ha forgripe seg seksuelt mot.

Eit overgrep

På rettsmøtet som fann stad i Bergen Tingrett i går vart siktinga mot 34-åringen endra frå lekamskading med døden til følge, til drap og to seksualbrotsverk. Krogvold presiserer for NRK at det likevel berre er snakk om eit overgrep, som kjem inn under to ulike lovparagrafar.

- Det er for tidleg i etterforskinga til at me kan slå fast om det er snakk om forsetteleg eller overlagt drap seier Krogvold til NRK.

Drepen med kniv

Det var 37-år gamle Ingvild Myking som torsdag ettermiddag vart drepen med kniv i eit husvere på Hylkje i Åsane. To 10 år gamle jenter var til stade i huset då drapet fann stad, dottara til drapsofferet og ei jamnaldrande veninne.

Det er ikkje klart om dei to 10 år gamle jentene, som var i huset, skal ha vore direkte vitne til sjølve drapet på mora til ei av jentene.

Dommaravhøyr

Dei to jentene, begge på ti år var fredag i dommaravhøyr.

Begge jentene skal i etterkant av tragedien ha fått hjelp av Bergen kommune sitt kriseteam og skal begge skal vera hjå nær famile.