Hopp til innhold

- Førde Ap er sterkt uroa

Førde Arbeiderparti er sterkt uroa over at Kjell Opseth har trekt seg frå styret i Helse Førde.

Jorunn Eide Kirketeig
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

SEI DI MEINING: DEBATTER: OPSETH GÅR I PROTEST

- Opseth har hatt ein sterk integritet i styrearbeidet og arbeidt konserntret om å oppretthalde spesielisthelsetenester i tillegg til lokalsjukehustilbodet i Sogn og Fjordane, skriv partiet i ei pressemelding.

Leve Nordfjordeid og Lærdal

Partiet viser til den store spliden i fylket kring sentralsjukehuset i Førde. Enkelte har teke til orde for at sjukehuset kan reduserast til eit lokalsjukehus, men meiner det er ei løysing alle vil tape på.

- Det er ein illusjon å tru at då vil spesialisttenesten kunne flyttast attende til dei andre lokalsjukehusa. Dei spesialist¬-helse¬tenestene som forsvinn frå Sentralsjukehuset, fer til Helse Bergen og Haukeland Universitetssjukehus, skriv dei.

Pasientane taper

Medan ein i Florø, Nordfjord og i indre Sogn kjempar for sitt, meiner Arbeidarpartiet i Førde at heile fylket vil stå att som tapar. Partiet delar Gunvor Sunde sin kritikk mot stortingsbenken som ho meiner har blanda seg for mykje inn i vedtaka til Helse Førde.

LES OGSÅ: Sunde refsar stortingsbenken

- Slik sett har alle stortingsrepresentantane i fylket, med kvar sin personlege agenda, svikta Helseforetaket i sitt arbeid med å tilpasse sjukehustilbod til behov og inntekter. Effektivt har ein på ulike måtar motarbeidt foretaksstyret sitt haldlingsrom og på denne måten lagt veg for bakevja ein har kome i, skriv dei.