- For tidleg å konkludere

Nedlegginga av Tronvik skal opp på styremøtet til Helse Førde, men direktør for psykiatri, Ole Christian Reusch, meiner utgreiingsarbeidet manglar rusplan.

Ole Christian Reusch

Ole Christian Reusch meiner det er for tidleg for styret i Helse Førde å fatte vedtak om å legge ned Tronvik.

Foto: Steinar Lote / NRK

Utgreiingsarbeidet som er gjort for å avklare om Tronvik bør leggast ned eller ikkje, seier ingenting om rusdelen. Sjølv om han tykkjer gruppa bak utgreiingsarbeidet har gjort ein god jobb, meiner Reusch at det er for tidleg for styret i Helse Førde å fatte eit endeleg vedtak på styremøtet 27.november.

Reusch meiner det ligg eit omfattande arbeid med å greie ut rusdelen att.

Les også: - Galskap å leggje ned

Sentralisering einaste rette

Etter planen skulle styret i Helse Førde fatte eit endeleg vedtak om Tronvik på Kyrkjebø i Høyanger skal leggast ned 27.november.

Ei prosjektgruppe, bestilt av Helse Førde, har levert ein rapport der konklusjonen er at instistusjonen må leggast ned. Ei sentralisering til Førde vil vere det einaste rette økonomisk og fagleg, viser rapporten.

Etterlyser risikoanalyse

- Viss konklusjonen frå rapporten skal vedtakast, bør det vere eit slags prinsippvedtak. Det må likevel gjerast ein del utgreiingsarbeid på førehand, seier Reusch.

Han hevdar fleire etterlyser risikoanalyse og konsekvensvurdering.

Manglar oversikt

Ifølgje Reusch gjenstår det så mykje arbeid i saka at styret i Helse Førde umogleg kan fatte eit endeleg vedtak på styremøtet. Direktøren seier det er mange omsyn å ta i saka, som Helse Førde enno ikkje har oversikt over.

Reusch seier lokala på Tronvik kan fungere som ein rein rusinstitusjon, men det er mykje som ikkje er avklara.

- Jokeren er om vi skal drive med rus på Tronvik, eller om vi skal satse på eit rustilbod i Førde. Men med ein ruspost på berre 15 plassar på Tronvik, vil det kanskje koste meir enn det smakar, seier Reusch.

Han meiner eit mindre miljø, gjer det vanskelegare å få nok fagpersonell til å vere der.