Kjell Nordgulen meiner det er uhaldbart at mobilnettet ikkje har stor nok kapasitet. (Foto: NRK)
Fredag før påske omkom ein person etter at ein bil og ein turbuss kolliderte mellom Flåm og Aurland, men politiet kom ikkje gjennom på telefon fordi mobilnettet kollapsa.
Lensmann Kjell Nordgulen seier mobilnettet har for dårleg kapasitet, og at dette er ein uhaldbar situasjon. Med ein satellittelefon vert dei ikkje lenger avhengige av mobiloperatørane sitt sendenett.