Hopp til innhold

- Et meir miljøvenleg

Forskar meiner reiselivet må tvingast til å servere miljøvenleg mat.

Video nsps_upload_2009_5_25_20_4_53_1486.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Det viktigaste er å følgje rådet til Ingrid Espelid Hovig om litt meir grønsaker og litt mindre kjøtt, seier forskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking.

Må ha effektiv transport

Aall meiner reiselivsnæringa må fokusere meir på maten dei serverer for å gjere bransjen miljøvenleg.

- Viss du måler belastninga frå forbrukarane, utgjer mat ein fjerdedel, seier Aall.

På ein konferanse i Balestrand måndag skal han forklare korleis næringa kan tenkje for å få ned klimabelastninga på kjøkkenet.

I tillegg til å ete mindre kjøtt, rår han folk til å følgje årstidene når dei handlar.

- Då unngår du energiforbruk og utslepp ved å bearbeide og lagre råvarene, og å transportere dei langt, seier han.

Aall tilrår lokal mat viss transporten er effektiv. Sjølv køyrde han eins ærend frå Leikanger til Aurland for å hente økologiske grønsaker.

- Eg køyrde med tom bil for å hente 50 kilo poteter. Det klarer ikkje å konkurrere med ein lastebåt frå Australia i sakte fart som er fullpakka, seier Aall.

Må bruke tvang

Jonathan Di Blasi ved Cafe Herman på Leikanger
Foto: Hege Holm / NRK

Jonathan Di Blasi driv Cafe Herman på Leikanger, og han prøver å vere klimavenleg.

- Vi brukar ost frå Underdal med litt sitron. Kylling er fantastisk, men vi treng fleire produsentar på Leikanger, seier han.

Di Blasi brukar også økologiske produkt når han kan.

- Vi kjøper økologisk kjøtt frå Vik, is frå Feios og egg frå Flåm, seier han.

Aall på trur ikkje reiselivsnæringa generelt er like idealistiske som verten på Herman. Han trur tida for gulrot er over og at piska må fram.

- Reiselivsnæringa internasjonalt har for mange år sidan mast om sjølvregulering. Men no innser reiselivet at det ikkje kom fleire kundar som vil betale meir for miljøvenlege produkt. Difor innser reiselivet no at det trengst regulering, seier Aall.