
Foto: Scanpix
Næringsministeren hevdar på si side han har gjort mykje for å berge arbeidsplassane i Høyanger og Årdal, men det er Grande Røys ikkje einig i.
- Vi har sakna og spurt etter engasjement ovanfor Årdal og Høyanger mange gongar utan å ha fått det, seier Grande Røys.
Såra av kritikken
I går høyrde sa Børge Brende at han kjenner seg såra over kritikken frå Ap i Sogn og Fjordane som skuldar han for å vere urettvis og drive forskjellsbehandling. For samstundes som Brende no vil hindre arbeidsplassar i å gå tapt når Norsk Skog vil leggje ned i Skien, har Hydro med ministeren si støtte fjerna nærmare 1000 arbeidsplassar i Sogn.
- Berre tøv
Brende meiner på si side han har gjort mykje for Årdal og Høyanger og viser mellom anna til at han fremma sak i Stortinget om omlag 100 millionar i løyve til Årdal.
- Det er berre tøv, og det veit Børge Brende. Då regjeringa la fram revidert det året, var det ikkje noko til Årdal og Høyanger. Så gjekk dei i forhandlingar med Arbeidarpartiet, og ut av det kom den pakken på 100 millionar kroner. Det at Brende tek æra for det, gjev han lite ære, seier ho.