Ut frå samarbeidsavtalen er det Senterpartiet som skal ha dette leiarvervet. - Arbeidarpartiet har tidlegare sagt at dei godtek den styreleiaren Senterpartiet bestemmer seg for, seier Navarsete.
Ap krev ny kandidat
Arbeidarpartiet har likevel offentleg kravd at Senterpartiet finn ein annan kandidat. Mistilliten botnar i Skartun sitt nei til fusjon, og framferda hans har provosert Arbeidarpartiet. Senterpartiet har ikkje latt seg presse av Arbeidarpartiet. Men i bedriftsforsamlinga i dag vil Arbeidarpartiet gjere eit siste forsøk på å fjerne Skartun ved å få forsamlinga til å pålegge Senterpartiet å finne ein ny kandidat.