Hopp til innhold

- Ein medisinsk sensasjon

Kroppstemperaturen var berre 20,6 grader då Per Eivind (48) vart funnen duppande livlaus i fjorden. - Dei seier det er ein sensasjon at eg lever, fortel han.

Per Eivind Austefjord

TAKKSAM: Per Eivind Austefjord (48) rettar ein stor takk til alle som redda han frå drukningsdøden to dagar før jul. No har han vakna og håpar snart å få seg nye turar i kajakken.

Foto: NRK

No - lys levande på Haukeland - blir 48 år gamle Per Eivind Austefjord beskrive som ein medisinsk sensasjon.

Hovudet ned

Den 22. desember i fjor gjekk Per Eivind rundt med kajakken sin i Bondesundet i Hardangerfjorden.

I 45 minutt leita fleire båtar og helikopter etter padlaren, før han vart funne flytande livlaus med hovudet ned i den kalde fjorden. 

Kroppstemperaturen var heilt nede i 20, 6 grader celcius.

Sjølv hugsar han ingenting av det som skjedde.

Søk etter kajakkpadler

LIVLAUS: Her søkjer Luftambulansen etter Per Eivind Austefjord over Bondesundet i Hardangerfjorden. Han blei funnen livlaus.

Foto: Bjørn Kjetil Hansen

Medvitslaus

- Eg hugsar dagen før eg padla, og eg hugsar då eg vakna her på Haukeland, fortel den erfarne kajakkpadlaren til NRK.

Austefjord hugsar altså ingenting frå sjølve ulukka. Han hugsar ikkje at han ringde kameraten og fortalde at kajakken hadde kvelva. Han hugsar heller ikkje augneblinken då han kjempa om å halda medvitet i bølgene i Bondesundet i Hardangerfjorden. 

- Akkurat det passar meg veldig fint eigentleg, seier han.

Ein sensasjon

Redningsmannskapa leita etter Per Eivind i 45 minuttar. Då dei fann han hadde hjarta stoppa. Legane på sjukehuset gav ikkje familien store forhåpningar.

Han blei halden i kunstig koma til like over nyttår.

- Det har bikka min veg heile tida. Folk seier det er ein liten sensasjon. Så då er det antakeleg det, seier 48-åringen.

Skal padla igjen

Men trass i opplevinga som enda med at han gjekk glipp av jule- og nyttårsfeiringa 2007, har ikkje Per Eivind tatt skrekken.

- Nei, eg brukar kajakk som trening og padla 2600 kilometer i fjor. Eg kjem nok til å fortsetja med det på same måten i framtida. Eg er forsiktig i utgangspunktet, men eg kjem nok til å vera endå meir varsam etter dette, fortel han.