– Dei har klart seg veldig godt, seier Vilhelm Bjerknes i Bergen Kystlag like før båten kom til Lærdal. Humøret om bord har vore godt og ingen skal ha fått vassblemmer etter den noko uvanlege roturen.
Det er Bergen kystlag som står bak reisa på 122 nautiske mil, frå Bergen til Lærdal. Turen starta 25. mars, nøyaktig 200 år etter Eidsvollmennene vart frakta same vegen på akkurat same tidspunktet.
- LES OGSÅ:
Gjer same reisa 200 år etter
Båten frakta i 1814 Eidsvollmennene frå Bergen til Lærdal. No har ein kopi av båten, ein såkalla replika, fullført same ruta 200 år etter. Den opphavlege båten var opphavleg bygd på Svanøy på 1770-talet.
- LES OGSÅ:
Då kopien kom til Lærdal i dag vart båten følgd av bilar som køyrde langs fjorden heilt inn mot sentrum av Lærdal.
Rundt 200 menneske hadde møtte opp på kaia der ei reisande vart møtte med fanfare, song og orkester. Mange var utkledde i tidsrett antrekk.
– Ein festkveld for lærdølane
– Eg er stolt over at lærdølane kan samlast og feire så kort tid etter brannen. Det sa ein stolt ordførar Jan Geir Solheim då "Enigheden" kom til Lærdal.
Han var dessutan fornøgd med å kunne ta imot denne versjonen av "Enigheden" til litt betre kår enn for 200 år sidan.
(Saka held fram under biletet)
Ein av eidsvollmenna skildra nemleg synet som møtte han då han kom til Lærdal i ei dagbok, og han var sjokkert over kor skitne og dårleg kledde lærdølane var.
– Ikkje denne gongen! No er det ein festkveld, konstaterte ein glad ordførar Jan Geir Solheim.
Reisefølgjet som la ut på tur for 200 år sidan kom til Lærdal klokka 17. Dagens følgje kom ikkje til Lærdal før klokka vart 1830.