Hopp til innhold

- Eg veit lustringane kan lesa

Ordføraren meiner han er feiltolka og vil ikkje be lustringane om orsaking.

Ordførar i Luster, Torodd Urnes.

Ordføraren i Luster, Torodd Urnes, såg på internett at han måtte be lustringane om orsaking.

Foto: Arve Uglum / NRK

- At folk ikkje kan tenka sjølv er noko eg aldri har sagt, seier Luster-ordførar Torodd Urnes etter ei lang rekke skuldingar om at han har skulda dei som har skrive på underskriftslister mot Luster Bad for ikkje å kunne nok om saka.

Les på nettet

- Eg hadde nokre betraktningar til avisa om bakgrunnen for underskriftene. Om dei var basert på utgreiingane, eller på rykter og det som har stått i media. Det hadde ingenting med om lustringane kunne lesa sjølv å gjera, sa Urnes.

Ordføraren gjorde det også klart at han eigentleg ikkje såg skuldingane som verdige eit svar frå talarstolen.

- Men når eg les på nrk.no/sfj at eg må be lustringane om orsaking må eg på talarstolen, sa han.