- Eg er utruleg skuffa

Eid-ordførar trur lokalsjukehusa vil misse fleire pasientar enn styret seier.

Ordførar i Eid kommune, Sonja Edvardsen, på styremøtet i Helse Førde
Foto: Cosmin Cosma / NRK

På styremøte i Helse Førde fredag vedtok styret at ortopediske skader som treng operasjon og narkose skal til Førde sentralsjukehus. For Lærdal og Nordfjord utgjer dette til saman rundt 300 pasientar i året.

Les også: Akuttpasientar skal til Førde

Skuffa over styret

- Eg er utruleg skuffa i dag. Eg er utruleg skuffa over handteringa til styret, seier ordførar i Eid kommune Sonja Edvardsen.

Ho trur sjukehusa i Lærdal og Eid vil misse langt fleire enn 300 pasientar.

- Bryt du ei hand i Stryn, blir du ikkje først sendt til Eid for å få konstatert brot og deretter i ambulanse til Førde for å få reparert skaden, seier Edvardsen.

Ho meiner pasientane automatisk blir sende til nærmaste sjukehus for å få reparert skadene. Ho meiner det vil bli ei stor belastning for innbyggjarane i Nordfjord å først skulle til Eid for å ta røntgen.

Svekkjer heile tilbodet

- Men er det ikkje viktig å sikre spesialiseringa av ortopedar ved sentralsjukehuset?

- Det er eg heilt samd i, men ein løyser ikkje problemet med å flytte pasientar. Dette vil føre til at vi svekkjer heile den ortopediske klinikken i Sogn og Fjordane, seier Edvardsen.