Hopp til innhold

- Dyrt breiband hindrar utvikling

Storforbrukarar av breiband i distrikta betalar meir for breibandet enn bedrifter i sentrale strøk.

Forskar Ivar Petter Grøtte i IT-forum Sogn og Fjordane meiner at dei høge prisane kan hindre næringsutviklinga i fylket.

- Det er bedrifter med heilt spesielle behov som krev høg kapasitet. Viss det ikkje er mogeleg å skaffe, så er det eit problem å få slike bedrifter etablert her, seier han.

Tapar på høge prisar

Bedrifter i distrikta har ikkje høve til å forhandle om pris på same måte som storforbrukarar i byar. Medlem i IT-forum og forskingsleiaren ved Vestlandsforskning, Ivar Petter Grøtte, ser at storforbrukarar i Sogn og Fjordane taper på høge prisar.

Bidrar til sentralisering

Per Svein Reed
Foto: NRK

Eurofoto på Breim betalar langt meir for breiband enn likande bedrifter i sentrale strøk. Hovudaksjonær i fotobedrifta, Per Svein Reed, meiner prisane bidrar til sentralisering.

- I sentrale strøk er det mange aktørar som slåss om kundane. I distrikta er det ofte ein leverandør, og han kan ta den prisen han vil. Prisen er altfor høg, så det er heilt klart at dette er sentraliserande, seier han.

Vurdere å flytte

Eurofoto vurderar å flytte ut av Gloppen kommune, og har difor utfordra kommunen til blant anna å gje dei billegare breiband. Og slike samarbeid er vegen å gå, meiner Grøtte.

- Det offentlege og næringslivet må samarbeide. Dei må vise problemet, påverke nasjonale styresmakter og spleise på innkjøp, seier han.