I går blei mannen avhøyrt på Bergen sentrum politistasjon i tre timar, og avhøyra vil fortsetja i dag.
Vurderer siktinga
Etter den første dagen med avhøyr, trur forsvarar Per Magne Kritiansen at spørmålet om aktløyse bør vurderast.
Den sikta 44-åringen skal ha vedgått at det var han som skaut Harald Bakkebø.
Det skal også vera forklaringa til dei to vitna som deltok på det same forretningsmøtet i ei brakke på Frekhaug fredag.
Harald Bakkebø blei drepen på Frekhaug 3. mars.
Meiner det var eit uhell
Men i avhøyra i går skal den sikta også ha sagt at det var eit uhell at våpenet gjekk av, skriv BA.
Og forsvarar John Christian Elden seier til BT at han er glad politiet ikkje tek det for gitt at skotet var avvfyrt med vilje.
Forsvarar Per Magne Kristiansen vil ikkje kommentera noko av dette, men han meiner politiet har fått eit klart bilete av hendinga og motivet i avhøyra så langt.
- Me har gått gjennom heile hendingsforløpet, og også gått inn på det som har med motivet å gjera. Politiet klarer nok heilt greit å danna seg eit bilete av det som har skjedd, og også grunngjevinga på kvifor det har skjedd, meiner han.
Kristiansen vil ikkje kommentera kva som blei sagt i avhøyra. Politiavhøyra av den drapssikta held fram i dag.
- Vil ta fleire dagar
Politiet er usikre på om dei har fått fram eit klart bilete av motivet etter dei første samtalane med 44-åringen, og politiadvokat Ole Bjørn Mevatne trur jakta på årsaksbiletet vil ta fleire dagar.
- Det vil nok ta ei stund før me får kontroll over motiv og heile pakka, seier han.
Finansmannen Harald Bakkebø blei skoten og drepen på Frekhaug i Meland kommune fredag 3. mars.