Domstein-anlegget på Trollebø i Vågsøy. Arkivfoto NRK
I går la Domstein ASA fram årsresultatet frå 2004 som viste 64,8 millionar kroner i minus. Det kom etter fleire år med tap. Rett nok vart tapet i 2004 mindre enn i 2003, då det var 206,4 millionar i underskot.
- Misser musklar
Situasjonen i Domstein fører mest sannsynleg til at dei ikkje har finansielle musklar til å bli med på nye aksjeutvidingar i Fjord Seafood. - Slik vi ser det har ikkje Domstein ASA mykje å rutte med i ein slik samanheng. Men det kan hende at Domstein-brørne privat har kapital, seier finansanalytikar Klaus Hatlebrekke. Dermed kan eigardelen gå ned når Fjord endeleg viser teikn til betring.
Ikkje lenger Fjord Seafood si skuld
Tidlegare år har tapet til Domstein i stor grad vore knytt til investeringar i tapssluket Fjord Seafood, medan tapet i 2004 skuldast interne driftsproblem i Domstein. Dermed kan dei ikkje legge skulda på eigardelen i Fjord lenger.
For selskapet er interne driftsproblem langt meir alvorleg.
Børsen reagerer
- Det er alvorleg å levere så dårlege resultat fleire år på rad. Børsen reagerer når slike tal kjem fram, og sender aksjen ned nokre prosent. Domstein har og stor gjeld, og blir ikkje sett på som spesielt solid, seier Hatlebrekke.
Tilsette ventar omstillingar
Dei tilsette ved Domstein Enghav i Måløy reknar med det vert omstillingar ved filétfabrikken. Hovudtillitsvald Tove Svensen håpar likevel at ingen av dei 200 tilsette misser arbeidet.
50% permittering
Heile arbeidsstyrken er inne i ein månad med 50 % permittering etter underskot og stadig sterkare tevling frå mellom anna kinesisk fiskeindustri. Domstein-leiinga vil i løpet av månaden avgjere framtida til filétfabrikken Domstein Enghav.