- Dette kan ikkje vere ein sjøorm

Zoolog Peter Bøckman veit ikkje kva bileta frå Hornindalsvatnet viser, men han er sikker på at det ikkje er ein sjøorm.

Meiner dei såg sjøorm i Hornindalsvatnet

DØM SJØLV: Er dette ein sjøorm?

Foto: Andreas Solvik

- He, he. Det er alltid moro å sjå slike bilete, for det er alltid gøy med ting som ein ikkje veit kva er. Og dette veit eg ikkje kva er. Det kan vere veldig mykje rart, men nokon sjøorm er det neppe, seier zoolog Peter Bøckman til NRK.

- Kvifor trur du ikkje det?

Petter Bøckman

IKKJE SNAKK OM: - Biletet viser ikkje ein sjøorm, seier Bøckman.

Foto: Wikipedia / Privat

- Stort sett meiner ein at sjøormar er ei form for slangar, krypdyr eller kanskje ein slags kjempefisk. Og alle desse dyra buktar seg sidelengs. Det er ingen som hevar deler av kroppen opp over vatnet slik vi ser på biletet. Det er det i grunn ingen dyr som gjer, så eg trur rett og slett at dette ikkje er noko dyr i det heile teke.

- Me veit kva me såg

Dei tre kameratane som var ute på vatnet med kamera på Hornindalsvatnet onsdag denne veka, kom likevel i land 100 prosent overtydde om at det var ein sjøorm dei hadde sett og teke bilete av.

- Vi har sett det vi har sett. Det er det ikkje tvil om, seier Andreas Solvik som tok bileta du ser i denne artikkelen.

Djupt og mystisk vatn

På det djupaste er Hornindalsvatnet 514 meter, og er dermed den djupaste innsjøen i Europa. Som alle andre rundt vatnet har Solvik høyrt snakket om ormen mange meiner lever nede i djupet heile livet. Klokka 21.30 onsdag kveld var han saman med Finn Nyhammer og Arvid Otterdal i småbåt. Først såg dei krusingar i vatnet.

Les resten av historia frå onsdag kveld her.

Solide karar

- Eg har budd her med vatnet i 50 år. Eg har vore ganske mange timar utpå her. Men noko slikt har eg aldri sett før, seier han.

Dei fortalde raskt historia vidare gjennom lokalavisa Fjordingen. Redaktør Bengt Flaten hadde sjølv vore ute på vatnet denne kvelden, utan å ha sett noko sjøorm. Likevel går han god for dei tre karane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arvid Otterdal (f.v.), Andreas Solvik og Finn Nyhammer. Dei såg sjøormen i Hornindalsvatnet

MEINER DEI SÅG SJØORM: Frå venstre: Arvid Otterdal, Andreas Solvik og Finn Nyhammer.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

- Dette er tre karar eg kjenner og kan gå god for. Det er ikkje noko tull og tøys, seier Flaten.

- Kan ikkje vere uoppdaga

Peter Bøckman er likevel 100 prosent avvisande til at det kan ha vore ein sjøorm dei såg.

- Det er sjølvsagt mogleg at det er ein uoppdaga dyreart, men uoppdaga dyreartar i innsjøar i Norge? Dei bør ikkje vere så innmari svære. For store dyr treng store område der dei kan finne mat og dei treng store område der bestanden finst fordi dei treng nokon å pare seg med. Og så store dyr blir oppdaga. Dei må farte fram og tilbake i elver og slike ting. Sjølv om Hornindalsvatnet er stort er det ikkje nok til å halde liv ein bestand av så store dyr. Vi ville kjent til det om det var eit dyr, seier zoologen.

Veit ikkje kva det er

Men sjølv om Bøckman meiner det ikkje kan ha vore ein sjøorm, betyr ikkje det at han veit kva det var dei såg. For eitt eller anna må det ha vore.

- Ja, ja, ja. Det er alltid spennande. Det er kjempemorosamt og sjølv det skulle vise seg at det er kabeltromlar som har sprunge løpsk eller tre som veltar seg i overflata så det framleis spennande. Det er alltid moro med slike ting som er litt utanom det vanlege.

- Burde ein, på bakgrunn av dette bildet, gjere undersøkingar av kva som kan vere i djupet i Hornindalsvatnet?

- Om ikkje i djupet så hadde det vore på sin plass å finne ut kva som er på biletet, seier Bøckman.