
Clara Øberg. Arkivfoto NRK
Sjølv utan det nye kuttframlegget vil Helse Førde i beste fall få eit underskot på 23 millionar kroner.- Får vi eit kutt på 25 millionar på toppen av det så blir det svært tøft, seier Clara Øberg.
Forslag frå arbeidsgruppe
Det er ei arbeidsgruppe i Helse Vest som har føreslått at Helse Førde må kutte drifta med 25 millionar kroner. Helse Vest skal vedta nye prinsipp for korleis inntektene til helseregionen skal fordelast, og sjukehusa i Sogn og Fjordane kjem svært dårleg ut.
Vil argumentere mot kutt
Fredag sa administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde at framlegget betyr ei vesentleg forverring av økonomien. No seier styreleiaren at helseføretaket ikkje kan greie å ta det nye kuttet. Difor vil Øberg setje alt inn på å overtyde Helse Vest om at nordfylket ikkje må påleggast det nye kuttet.
Stort underskot
Men styresmaktene krev at helseføretaka skal gå i balanse. Likevel seier styreleiaren at Helse Førde uansett vil dra med seg eit stort underskot inn i det nye året. Dei mest optimistiske prognosane peikar mot 23 millionar, men i verste fall blir det 40 millionar kroner. - Vi håpar å få forståing for at vi bur i eit fylke med vanskeleg geografi og mange lokalsjukehus. Det kostar å å drive Helse Førde, og det trur eg vi kjem til å få gehør for, seier styreleiar Clara Øberg.