Hopp til innhold

- Dette er friskt og nytt

Platemeldar i NRK Atle Bredal meiner The Pink Robots har laga eit sterkt album med gode låtar. Han gir åtte av ti poeng.

The Pink Robots
Foto: Pressefoto

Gode låtar

- Eg vil trekke fram tre element som er spesielt bra. Det er låtane, produksjonen og vokalistane. Låtane er gode og er lette å synge med på. Når ein først har fått dei inn i øyret får ein dei ikkje ut att. Det seier Atle Bredal til lokalmusikkprogrammet Lutt. Han gir The Pink Robots ein sterk åttar av ti moglege poeng.
Høyr Atle Bredal melde The Pink Robots si debutplate.

Vokalilstar som kler kvarandre

Plata som har fått det same namnet som band kom i butikkane 1.mars har så langt fått blanda mottaking. Men Bredal likar plata svært godt og meiner dei to vokalistane Hans Christian Helgesen og Line Dybedal Vederhus kler kvarandre veldig godt.
- Måten plata er produsert på framhever og komplimenterer stemmene deira, seier Bredal.
Les og; Artistar flyttar frå fylket

Utruleg bra produksjon

The Pink Robots vann Urørtfinalen 2010

The Pink Robots vann Urørtfinalen 2010. Debutplata deira kom i butikken 1. mars.

Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

- Det er ein utruleg bra produksjon. Her har produksjonsselskapet gjort ein veldig god jobb. Det er reine og presise lydar som kjem rett ut av høgtalarane, seier musikkmeldaren som til dagleg jobbar som musikkprodusent i NRK.

Han trekker fram fleire låtar på plata som han meiner er sterke. Både Knife, Curly og Machintosh er melodiar Bredal likar godt.
Les og; The Pink Robots er årets Urørt
Les og; Seljeband klar for utlandet

-Skulle ha vore på norsk

-Men er det noko som trekk ned på plata meiner du?

- På minussida vil eg nemne det at dei ikkje syng på norsk. Dei seier dei vil ut med ein bodskap, og ber meldarane høyre plata fleire gonger før dei bestmmer seg. Men kvifor syng dei ikkje då på norsk. Eg ville likt å høyre dette på norsk, seier Bredal.