Hopp til innhold

- Det var heilt uverkeleg

Tre venninner var dei første som oppdaga brannen i Bredenbecksmauet. Dei kunne ikkje tru det dei såg.

Victoria oppdaga brannen 2

HER BYRJA BRANNEN: Dei tre venninnene var dei første som oppdaga brannen i Bredenbecksmauet.

Foto: Victoria Tran Huynh / Privat

– Vi var heilt sjokkerte. Det første vi tenkte var, er det sant? fortel Victoria Tran Huynh til NRK.no.

Det var Bergensavisen som først fortalde historia til Victoria og dei to venninnene Silje Riseth og Maria Sand Hukkelås.

Dei var dei første oppdaga brannen i nabohuset i Bredenbecksmauet.

Seinare kom det meldingar om brann ved Lepramuseet og i Lille Øvregate 38.

Ein person som meldte seg er arrestert av politiet. Ho er sikta etter mordbrannparagrafen.

– Det var heilt uverkeleg

Victoria oppdaga brannen *rett

FLAMMAR: Brannen utvikla seg raskt

Foto: Victoria Tran Huynh / Privat

Til NRK.no fortel Victoria om dei første sekunda då dei oppdaga at flammane sto oppetter naboveggen.

– Eine venninna mi har vindauge mot nabohuset og såg plutseleg røyk. Vi opna utgangsdøra, gjekk ut og såg flammar under vindauget på veggen på andre sida av det smale smauet.

Dei dramatiske bileta som Huynh har teke syner korleis brannen raskt utvikla seg.

– Vi tok snarast kontakt med ein mann som budde i huset. Han varsla brannvesenet og fekk varsla dei andre som oppheldt seg i etasjane over.

Då brannvesenet kom fekk dei streng beskjed om å koma seg ut og vekk frå smauet.

Overnattar hjå venninne

I natt kan dei ikkje returnera til kollektivet sitt. Brannvesenet kjem til å arbeide i Bredenbecksmauet og Lille Øvregate heile natta.

– Vi fekk streng beskjed om å ikkje flytta inn att i huset i natt, så no overnattar vi hjå ei venninne, fortel Victoria.

Dei tre er psykologistudentar og i morgon står eksamen på timeplanen.

– Det har vore ein rar kveld, men vi føler oss trygge no. Det har vore fleire brannar men politiet har jo sagt at dei har arrestert ein person, fortel ho.

Dei veit ikkje enno om noko har kome til skade i kollektivet deira.

– Men det var mykje røyk, så vi har fått beskjed om det kan bli ein del røykskadar.

Ein del av dei andre bebuarane som vart evakuerte som følgje av brannane, har fått overnatting på Scandic Hotell.

SJÅ VIDEO FRÅ DEI TRE BRANNANE I BERGEN:

Sjå video frå dei tre brannane i Bergen sentrum. Bebuarar vart evakuert, og ein person er pågrepen av politiet. Personen skal ha innrømma å ha sett i gang brannane, og er sikta etter mordbrannparagrafen.