Hopp til innhold

- Det var berre heilt sjukt

Even-Asle Eide Simonsen (24) berga to personar frå flammehavet i tredje etasje av omsorgsbustadane i Høyanger.

Even-Asle Eide Simonsen

Even-Asle Eide Simonsen attende på brannstaden.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

- Det var intenst. Det var ekstremt, skildrar Eide Simonsen dei dramatiske timane under bergingsarbeidet søndag.

- Det var sjukt

Brannen vart meldt i 21.30-tida. Få minutt seinare var pizzabakaren frå restauranten Nobell, og fleire med han, i full gang med å berge eldre ut frå flammane. Eide Simonsen klatra opp på verandaen og fekk ut folk til brannmannskapa kom. Det var i tredje etasje at brannen starta. Etasjen er i dag heilt vekke. 24-åringen bar ned to personar frå etasjen.

- Det var sjukt. Mykje flammar og stakkars gamle som stod på verandaen og bad om hjelp. Dei var i sjokk, forvirra og redde slik som alle oss andre, fortel han.

Taket kollapsa

- Eg og Jarle Berge byrja å ta dei ned stigane. Nokre av dei klarte å gå sjølve, men det var eit par vi måtte bere ned stigane, fortel Eide Simonsen og legg til at han så vidt fekk tid til å bli redd.

- Det var ein gang eg rakk å tenke på det. Taket i ene bustaden fall saman og bustaden vart fylt av flammar, seier han.

- Det var frykteleg

I alt 62 personar vart evakuerte. 12 personar, mellom desse fire frivillige, vart sende til sjukehus i Førde med røykskadar. For tre er situasjonen alvorleg, men stabil .

- Det var frykteleg. Eg kan ikkje skjøne at ein slik bygning kan brenne så godt og så fort. På baksida kom ein heller ikkje til med bilar, seier han.

Video nsps_upload_2009_1_5_10_4_53_1480.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sov ikkje mykje

Brannen utvikla seg raskt og kunne fort blitt langt meir alvorleg . Omsorgsbustadane mangla sprinkleranlegg . Sjefsingeniør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Terje Olav Austerheim meiner at eit slikt anlegg kunne hindra brannen . Eide Simonsen vedgår at det ikkje vart mykje søvn i natt.

- Det vart kanskje ein halvtime. Blodpumpa gjekk i heile natt, så det var umogleg å få sove. Det vart mykje røyk og tenking, seier han. Mange kom etterkvart til for å hjelpe med evakueringsarbeidet .

- Vi er alle heltar

Fleire media har i dag omtala "den ukjende helten" som berga ned fleire personar.

- Eg meiner sjølv at alle er heltar. Vi kunne ikkje klatre i stigen dersom ingen hadde halde den, seier Eide Simonsen.

Video nsps_upload_2009_1_5_8_1_33_1477.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.