Hopp til innhold

- Det har vore forferdeleg

Ordføraren snakkar ut etter Tall Ships Races-arrangementet.

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy.

TØFT: Ordførar Roger B. Silden vedgår at det har vore eit tøft år etter at Vågsøy kommune gjekk på ein økonomisk smell under Tall Ships Races.

Foto: NRK

- Dette har vore eit år eg ikkje unner nokon. Dette gjeld ikkje berre meg, men også prosjektleiar og rådmann. Vi har hatt eit forferdeleg år, seier ordførar Roger B. Silden i Vågsøy.

Kritikken mot seglskutefesten har vore stor, etter at det vart kjent at arrangementet gjekk med 15 millionar kroner i minus.

I sentrum av skyteskiva har ordføraren, rådmannen og prosjektleiaren vore svært utsett.

- Fleire personangrep

Ordføraren viser til at alle dei tre sentrale personane har vore råka av fleire personangrep det siste året. Han synest det har vore knalltøft å få stadig nye negative medieoppslag.

- For meg har det vore ei skikkeleg belasting, vedgår han.

- Har det gått på helsa laus?

- Eg er vand til å tole litt av kvart. Men det handlar ikkje berre om meg som ordførar. Eg har familie også, seier Silden.

- Utsett for hardkøyr

Seglskutearrangementet skulle bety heider, ære og optimisme for Vågsøy. I staden vart det eit samanhengande mareritt for kommunen.

Stadig nye avsløringar har vist at arrangemementet har vore utan styring - både økonomisk og organisatorisk.

- Kva har vore det tøffaste?

- Det er spørsmål som "kva har eg gjort galt" og "kva kunne eg ha gjort betre". Det er ikkje berre-berre for folk som ikkje er vande til å handtere media å komme i det køyret vi har vore utsett for det siste året, seier Roger B. Silden.