Tidleg tysdag morgon norsk tid er det blitt natt i den orkanråka storbyen i USA. I går kveld norsk tid trefte orkanen Sandy land og dei siste oppdateringane går ut på at 13 personar har mist livet etter uvêret sine herjingar på austkysten.
Hilde Barsnes frå Gaular jobbar som sjømannsprest i New York og har fått oppleve stormen på nært hald. Til alt hell ligg sjømannskyrkja på ei lita høgde, dermed har dei sleppt unna dei enorme vassmengdene.
– Vasstaden når ikkje opp til oss, så vi har vore trygge. Det har vore eit slitsamt døgn og vi føler veldig med dei som har mist hus og heim og alt som er, seier ho på telefon til NRK.no tidleg tysdag morgon norsk tid.
Enorme vassmengder har rasert områda
Heile verda sine auge har vore retta mot austkysten av USA dei siste timane. Det veldige uvêret Sandy var godt varsla på førehand, og innbyggjarane i New York og områda rundt har hatt tid til å førebu seg. Fleire hundre tusen menneske har blitt evakuerte, medan andre har gjort det dei kan for å sikre hus og heim.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Hilde Barsnes og kollegaene har halde seg i sjømannskyrkja og har følgd med på nyheitssendingane dei siste timane. Dei store øydeleggingane set sit preg.
– No seier dei at det verste skal vere over, men det er framleis mykje regn og ein del vind.
– Men det verste er dei store vassmengdene som har fløymd over sør på Manhattan, i Queens og Brooklyn og i områda rundt Manhattan. Det er enormt mykje vatn, fortel Barsnes på telefon frå millionbyen.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Det er ein spøkjelsesby
Over 5,8 millionar menneske er tidleg torsdag morgon norsk tid utan straum på austkysten av USA. Framleis har Barsnes og kollegaene både straum og delvis telefonkontakt med omverda.
– Vi har snakka med dei vi har oversikt over og kjenner, og dei fleste har det bra. Men veldig mange er utan straum, fortel ho.
Opplevingane det siste døgnet har vore av den sorten ein truleg aldri gløymer.
– Det er heilt surrealistisk. Ein by som er så full av lyd, lys og puls til vanleg, no er den totalt tømd for folk, seier Barsnes.
– Det er ein spøkjelsesby. Det er ikkje ofte det skjer.
– Det har vore slitsamt å vente
Inne i kyrkja der dei bur kjende dei seg trygge også når vinden og uvêret herja som verst utanfor. Men det var ikkje berre timane då uvêret trefte land som har vore slitsame.
– Ventetida har vore slitsam. Eg vakna opp med litt høge skuldrer i dag tidleg og har gått litt rundt meg sjølv i dag, seier ho.
– Ein føler ein må gjere noko, men ein greier ikkje gjere så mykje, så vi har gjort litt enkle ting, som å brette klede og støvsuge, fortel ho vidare.
(Artikkelen held fram under biletet)
Veit ikkje kor tid ting normaliserer seg
Før orkanen kom vart folk bedne om å halde seg innandørs, og no blir også taxiar og bilar bedne om å halde seg unna gatene. Undergrunnsstasjonane er stengde, store delar av undergrunnen er full av vatn. Barsnes fortel at også vegane er stengde og er spent på kor lang tid det vil gå før ting normaliserer seg.
– Det blir spennande å vakne opp til nyheitssendingane å sjå kor store øydeleggingane er og kor lang tid det vil gå før vi er tilbake til noko lunde normale tilstandar.
– Det er venta ein ny flaum når det blir flo i morgon tidleg, så det vil framleis vere ganske alvorleg, grøssar ho.
Då NRK snakka med Barsnes tidleg tysdag morgon norsk tid hadde resten av kollegaene hennar gått til ro. Sjølv håpar ho også at ho skal få kvile litt etter det heftige døgnet.
– Det kjennest på kroppen dette, så det skal bli godt når det er over.
Vikjen Vidar Brekke hadde i går førebudd seg så godt han kunne til at orkanen skulle treffe land. I åtte timar stod han fånyttes i kø for å få tak i eit dieselaggregat, men måtte gå tomhendt heim.
- LES OGSÅ: