- Det blir ein ufyseleg ettermiddag

Måndag ettermiddag herjar vinden langs kysten. Ved Stad er det allereie i 13-tida full storm, og det kan kome opp i sterk storm utover ettermiddagen.

Måløybrua

STENGD: Måløybrua var tidleg måndag ettermiddag stengd på grunn av sterk vind. Det er venta at vinden kan auke på til sterk storm ved Stad utover ettermiddagen.

Foto: Bjarne Eldevik

Den første dagen i vinterferien er vêrgudane slett ikkje i det gode hjørnet. Sterk vind og store mengder nedbør set for alvor preg på måndagen.

– Det er allereie sørleg sterk kuling på kysten og full storm ved Stad. Vinden kjem til å auke på til sørleg liten storm utover dagen og full eller sterk storm ved Stad, seier meteorolog Helene Erlandsen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Vinden aukar på utover ettermiddagen

Vêrmeldingane utover ettermiddagen måndag ser rett og slett stygge ut. Den sterke vinden skal bli endå sterkare og det vil også kome store mengder nedbør.

– I tillegg til at det bles godt langs kysten vil det blåse godt også utsette stader og i fjellet. I ytre strok kjem nedbøren som regn, medan det i høgda kjem som sludd og snø, seier Erlandsen og legg til:

– Ufyseleg er vel ikkje eit dumt ord å bruke om dette vêret.

Aukande skredfare

Vinden og nedbøren er dårleg nytt i forhold til skredfaren. Den er allereie markert fleire stader, og i løpet av det neste døgnet vil den auke til stor fleire stader.

Norges Geotekniske Institutt seier ingen fjellskråningar i Norge vil vere sikre den komande veka.

– Lokalt kan det kome opp mot 50 millimeter nedbør i løpet av dei neste 12 timane, seier Erlandsen.

– Er det mykje?

– Det er ein del, spesielt no om vinteren. Dette betyr at skredfaren aukar. Saman med vinden er det ein dårleg kombinasjon, så folk må vere forsiktige i fjellet, spesielt det første døgnet, seier Erlandsen.

Måløybrua stengd i periodar

Måløybrua på riksveg 15 var måndag ettermiddag stengd som følgje av den sterke vinden. Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen seier den opna att etter ei stund, men at den truleg vil stengje seg sjølv fleire gonger utover ettermiddagen. I området ved Stad er det meldt opp i sterk storm.

– Den styrer seg sjølv ut frå kor mykje vind det er, seier Stadheim til NRK.no.

Også andre stader langs vegane set styggevêret sitt preg. Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd grunna uvêr, medan det er kolonnekøyring på fylkesveg 50 Hol-Aurland. Fylkesveg 664 Fossebakken-Navelsaker er stengd grunna fare for ras.

– Meldingane utover ettermiddagen er ganske dårlege, både i forhold til sterk vind og mykje nedbør, seier Stadheim.

Han trur ikkje Vikafjellet vil opne med det første, og seier det kan bli kolonnekøyring eller stengingar også på dei andre fjellovergangane.

Betring til kvelden

Erlandsen ved Vêrvarlsinga seier det er betring i sikte allereie til kvelden. Då vil vinden og nedbøren løye på, og i perioden fram til tysdag kveld vil vêret vere langt rolegare.

– Fram til tysdag kveld blir det rolegare vindforhold, det blir litt kaldare temperatur og det kan bli periodar med sol i morgon, seier Erlandsen.

Men sjølv om det altså blir litt betre fram mot tysdag kveld, så lovar ikkje meldingane utover veka spesielt godt.

– Det blir nok ei veke prega av ustabilt vêr. Det blir styggare allereie tysdag kveld, men ikkje så stygt som måndag. Helga er den som ser best ut slik det er no, seier Erlandsen.