Hopp til innhold

- Dei trur breen er borte

Turistane trur Briksdalsbreen har smelta vekk - og sluttar å kome.

Briksdalsbreen

Briksdalsbreen 5. september

Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Vi får jo spørsmål av og til om det i det heile er noko att å sjå av Briksdalsbreen. Vi legg ned ein god del energi på å forklare at breen ligg der og at det er ei stor oppleving å kome tett innpå han, seier styreleiar i Oldedalen Skyss, Jan Olav Kvamme.

Nedgang på 20 prosent

Den voldsomme merksemda kring nedsmeltinga av Briksdalsbreen gjer turistane uroa. Det populære reisemålet som årleg vert vitja av nær 250 000 turistar har i år opplevd ein nedgang på så mykje som 20%.

Kvamme fortel om telefonar frå reiseselskap som lurer på om det er verdt å kome til Briksdalen, men breen er der i høgste grad og Kvamme meiner at den enorme storleiken rundt tusenårskiftet var eit unntak og at breen no faktisk er ganske normal.

- Det har alltid vore slik at breen har gått fram nokre år og så tilbake igjen, seier han.

Svak juni

Særleg juni var ein dårleg månad med 30% færre enn vanleg, men pent vær i juli og august har hjelpt mot nedgangen av reisande frå utlandet. Særleg frå Asia har det komme færre turistar enn tidlegare. Kvamme trur også at den generelle nedgangen i talet på utanlandske turistar til Norge har virka inn.

No er lokalbefolkninga opptekne av å få fram at breen i år faktisk veks og at den ikkje er særleg mindre enn det den var store delar av førre hundreår.

- Det er veldig viktig. Det negative fokuset på den tilbakegangen har vore uheldig. Dei siste opplysningane vi har fått fortel at breen vil sige fram igjen, og det gler vi oss over, seier Kvamme.