Ho seier familien hennar ikkje fekk noko informasjon før to døgn etter raset, og er svært kritisk til både politiet og Sogndal Kommune. - Politiet har ikkje gitt oss noko informasjon, og det har forsterka våre traume voldsamt, seier ho.
Usikker på om det var trygt

Foto: Gerdfinn Eithun
Hundreårsflaumen i Supphelledalen sist laurdag sette ein skikkeleg støkk i lokalbefolkninga. Asbjørg Haugen og familien hennar er mellom dei som bur i området innanfor der raset gjekk. Telefonen var død, og familien visste ikkje om det var trygt å opphalde seg på staden. Sidan dei er lokalkjende, vågde dei heller ikkje å gå ned for å sjekke, av frykt for nye ras.
Skal betre rutinane
Politistasjonsjef ved Flora Politistasjon, Nils Erik Eggen, seier det er naturleg at politiet informerer om det er trygt i eit område når dei har sperra det av slike det vart gjort i Supphelledalen.
Ordførar i Sogndal, Karen Marie Hjelmesæter, vedgår at informasjonen var for dårleg. Ho seier kommunen skal få orden på beredskapsplanane slik at dette ikkje skjer igjen.