I dag deltek statsråden på fylkesårsmøtet i Senterpartiet, der transportplanen er eit viktig tema.
Navarsete seier ho har ambisjonar om å gje brua startløyving i 2009, i samsvar med fylkestinget sine prioriteringar.
- Dalsfjordbrua er eit prosjekt som er viktig for regionen. Og det er også eit prosjekt som er viktig å få gjort, for før vi får brua på plass så blir det ikkje ro i Sogn og Fjordane. No må ikkje dette glippe igjen. Vi må samle oss og få unna dei viktige prosjekta.
Prosjekt til 1,5 milliardar
Og dei viktige riksvegprosjekta er Bremangersambandet, Dalsfjordbrua og Olden-Innvik, prioritert av fylkestinget i denne rekkefølgja. Problemet er at prislappen på desse tre er på minst 1,5 milliardar, og ramma som vegdirektoratet har lagt til grunn i Sogn og Fjordane dei neste 10 åra er berre på vel 600 millionar.
Vil ikkje ha ein plan B
Fylkesleiar Knut M. Olsen gav årsmøtet klar beskjed i dag om at svaret er auka løyvingar, og ingen plan B der dei dei må prioritere om.
- Det blir heilt feil å tenkje plan B no. Tida er inne for å finne politiske løysingar i høve til det vi har prioritert. No skal eg bruke krefter for å få beløpet opp.
- Ikkje utopisk
Og både Olsen og Navarsete meiner det er god grunn til å håpe på meir pengar, og nektar for at det er utopisk å håpe på realisering av alle dei tre store prosjekta i vårt fylke i løpet av neste 10-årsperiode. Begge understrekar at alle dei tre store prosjekta også har ein rassikringseffekt og dermed også kan få midlar frå denne potten - ein pott som Navarsete vil auke vesentleg.
Må stå saman
Men Navarsete innser at ho står framfor ein uhyre tøff kamp for å kunne innfri forventningar og ønskje frå heimefylket - men då treng ho heimefylket si hjelp.
- Ved å setje seg høge mål og jobbe hardt for dei, då kan vi greie det. Dette krev at det politiske miljøet står saman.