Hopp til innhold

Pensjonistlaget hesjar til festival

I dag startar Bygdalarm i Øystese. Utan pensjonistlaget i bygda kunne det blitt kaos.

Gerd Lysen og Gyda Storås hesjar for Bygdalarm

HESJE-EKSPERTAR: Gerd Lysen og Gyda Storås har sett opp metervis med hesjegjerder før Bygdalarm.

Foto: Marita Skeie / NRK

Dei set nemleg opp gjerda for festivalen, og det er ikkje snakk om kva slags som helst gjerder.

Meter etter meter med heser fulle av gras er sett opp for å halde orden på festivalområdet til Bygdalarm i Øystese.

– Dei var jo litt smarte då dei henta inn pensjonistane til å jobbe for seg. Vi kunne ikkje skulde på at vi skulle på arbeid akkurat, ler ein av dei frivillige pensjonistane, Gerd Lysen.

Festivalfrivilleg i sju år

Ho har vore frivillig festivalarbeidar på Bygdalarm i sju år. Akkurat no held ho på å gjere inn festivalområdet med hesjestaurar.

Med erfarne hender set ho staur i bakken, knyt streng mellom dei og heng graset opp. Akkurat slik dei tørka det på gamlemåten.

– Eg ser fram til dette kvart år. Vi som jobbar i lag her er blitt veldig godt kjente, seier Lysen.

Gyda Storås frå Øystese pensjonistlag likar å lage festivalstemning

– Eg vil jo hjelpe dei som arrangerer å få festival i orden. Dei unge trudde ikkje dei klarte å hesje sjølv, så då kan vi som har vore bort i det før hjelpe til, seier Storås.

Trass i at pensjonistane likar festivalen, går dei ikkje på konsert.

Festivalsjef for Bygdalarm, AK Teigland

DIGGAR PENSJONISTLAGET: Festivalsjef for Bygdalarm, Arne Kristian Teigland, synest pensjonistlaget gjer ein utmerka jobb.

Foto: Marita Skeie / NRK

Sjølv ikkje artistar som Håkan Hellström, John Olav Nilsen & Gjengen eller Lindstrøm klarer å lokke pensjonistane på konsert.

Hesjing er rett og slett nok rock`n`roll.

– Bygdalarm elskar pensjonistlaget

Festivalsjef Arne Kristian Teigland synest det er kjekt at pensjonistane stiller opp,

– Det er stas å gå litt tilbake i tid. Dei eldre er dei freista tradisjonsberarane av hesjing. Vi måtte ha den fremste ekspertisen på hesjing, seier Teigland.

Som påskjøning for strevet får pensjonistlaget kaffi og ekstra sjukke skjener med brunost.

– Det pleier å gjere susen. Bygdalarm diggar pensjonistlaget, og eg trur pensjonistlaget diggar Bygdalarm, seier festivalsjefen.