Hopp til innhold

- Brannen skuldast open eld

Politiet mistenker at brannen i omsorgsbustaden i Høyanger søndag, skuldast open eld i ei eller anna form.

Brann i omsorgsbustad i Høyanger

Politiet meiner brannen i Høyanger søndag, skuldast open eld.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Det stadfestar lensmann i Høyanger, Olav Hellebø. Han presiserer at dette er ein førebels konklusjon, og at politiet framleis har noko etteforskingsarbeid att. Politiet kjende allereie tysdag brannårsaka, men ville då ikkje gå ut med den .

Video nsps_upload_2009_1_5_19_46_1_1534.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Gløymde stearinlys

Brannen starta truleg i ei bueining i andre etasje. Hellebø vil ikkje kommentere brannårsaka nærare, men kjelder NRK har vore i kontakt med seier at ein av bebuarane har vedgått å ha gløymt eit stearinlys på nattbordet sitt.

Brannen søndag vart meldt i 21-tida søndag. Over 60 personar vart evakuerte. Tolv av desse vart sende til sjukehus i Førde med røykskadar. Fire var alvorleg skadde, men er no utanfor livsfare .

Ekspertar til Høyanger

Brannen søndag spreidde seg svært raskt . Dette gjer at ekspertar frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap kjem til Høyanger for å undersøkje brannen. Dette er svært uvanleg ettersom DSB til vanleg rykkjer ut til brannar med meir enn fire omkomne.

Video nsps_upload_2009_1_5_8_1_33_1477.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Vi vil sjå på kvifor denne brannen spreidde seg så fort, og kvifor omfanget av brannen vart så stort, seier sjefsingeniør Anders Arnhus i DSB til avisa Firda .

- Skal ikkje vere slik

Omsorgsbustaden var utan sprinkleranlegg og personar som deltok i bergingsarbeidet fortel at det ikkje gjekk brannalarm inne på romma i første etasje. Ekspertar meiner at eit sprinkleranlegg kunne hindra brannen .

Video nsps_upload_2009_1_5_10_4_53_1480.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Det skal ikkje vere slik at ein brann kan spreie seg så fort. Eit bygg som dette er bygd opp av brannceller, og ei branncelle skal hindre brannen i å spreie seg i 30-60 minutt alt etter korleis den er konstruert. Mykje tyder på at det ikkje var tilfelle her, seier Arnhus til avisa.