Hopp til innhold

Røyken velta ut av bustadhus

Brannvesenet har rykka ut til Fonnes etter kraftig røykutvikling i eit bustadhus. Ein person er evakuert.

Fonnes i Austrheim

– Vi fekk melding om røyk frå eit bustadhus på Fonnes klokka 13.41. No er vi på staden, opplyser vaktkommandør Rune Hovlandsdal ved 110-sentralen i Hordaland til NRK.

Han fortel at dei vil gå inn i huset for å undersøkje kor røyken kjem frå. Ein person som bur i huset er evakuert. Hovlandsdal seier det er ingen grunn til å tru at det er fleire personar inne i huset.

– Sløkt

Klokka 14.20 melder brannvesenet på staden at dei har sløkt brannen.

– Det er litt uklart kor røyken har stamma ifrå, men det er truleg ein elektrisk årsak, seier Hovlandsdal. Ingen fleire personar var inne i huset, og brannvesenet har byrja med utlufting.