Hopp til innhold

- Blir bevisste på kva me kan

Berre 21 år gammal har Ingrid Eidsheim Daae fått jobb som praktikant i FN-sambandet. Jobben er ein del av utdanninga hennar.

Ingrid Eidsheim Daae
Foto: Ingrid Hognaland / NRK

– Praktikantordninga er eit samarbeid mellom Institutt for samanliknande politikk der eg studerer og ulike bedrifter i Bergen der studentar får komma og jobba i 50 prosent stilling i eit semester, seier Ingrid Eidsheim Daae frå Austrheim.

– Det er ein jobb der eg får brukt mykje av det eg kan, og lærer meir om internasjonale spørsmål, seier ho om jobben i FN-sambandet i Bergen.

Skal skriva oppgåve om klima

Samanhengen mellom klima og utvikling er noko 21-åringen interesserer seg for.

– Klima er veldig viktig akkurat nå. Det skal vera ein stor klimakonferanse i København i desember, og klimakrisa er noko dei fleste har fått med seg. Det skal eg skriva ei oppgåve om medan eg er ute i praksis, seier Eidsheim Daae.

– Er det noko du sjølv kan gjera i jobben din i FN-sambandet i haust?

– Direkte er det ikkje så mykje eg får gjort, men eg skriv oppgåva mi, og FN-sambandet jobbar for å spreia informasjon om FN og internasjonale spørsmål, spesielt tusenårsmåla til FN. Tusenårsmåla har klima og berekraftig utvikling i seg, så å spreia informasjon er i alle fall ein liten del ein kan gjera, seier 21-åringen.

14 studentar i praksis i haust

Draumen til Eidsheim Daae er å få jobba vidare med internasjonale spørsmål og politikk.

– Det som er viktig med praksisordninga er å gjera oss bevisste på kva me kan, og å gjera næringslivet bevisste på kva me kan. Og at ei bachelorgrad skal vera mogleg å ta utan at ein nødvendigvis må ta ein master for å kunna gjera ein relevant jobb innanfor det ein har utdanna seg som, seier Ingrid Eidsheim Daae.

Universitetet i Bergen opplyser på sine nettsider at arbeidslivspraksis for bachelorstudentar ved Institutt for samanliknande politikk er eit pilotprosjekt som blei starta våren 2008.

I haust er det 14 studentar ved instituttet som skal prøva seg i arbeidslivet hos tolv bedrifter i Bergensområdet.

Arrangerer Internasjonal Uke

Med praksisperioden ønskjer instituttet å redusera avstanden mellom akademia og næringsliv, og å styrka profilen til grunnutdanninga som ei sjølvstendig og kompetansegivande utdanning.

– Kva blir det neste du skal gjera i forhold til praksisplassen din?

– Det viktigaste no er Internasjonal Uke som kjem i slutten av oktober. Det er eit stort arrangement som går over ei heil veke. I år er Internasjonal uke ekstra stor fordi me gjer det på oppdrag av Norad, seier Eidsheim Daae.