Arne Sanden, som driv gartneri på Ljøsne, har inngått ein avtale om sal av plantane sine ved Lærdal Grønt. Men måndag vart det kjent at Aarethun hadde vore innom Lærdal Grønt og sagt at dei ikkje bør selje plantane frå Ljøsne, fordi det kan føre til at gartneriet i sentrum ikkje klarer seg. Og gartneriet i sentrum er naboen til Aarethun.

Varaordførar Anna Avdem. Arkivfoto NRK
- På vanleg måte
Varaordførar i Lærdal, Anna Avdem, seier dei skal handsame saka på vanleg måte. Ho representerer SV, samarbeidspartiet til Arbeidarpartiet og Aarethun.
Betent sak
Men det er tydeleg at saka er svært betent. Lars Petter Nesse, som er leiar for borgarleg fellesliste, vil ikkje svare på om Aarethun har gjort noko uakseptabelt. Han grunngjev det med at saka er uferdig.
- Uheldig sak
Heller ikkje Anders Mo, som er leiar for kontrollutvalet i kommunen, vil kommentere saka utover at dei vil sjå nærare på dei faktiske tilhøva. Varaordføraren innrømmer at saka er uheldig.