Hopp til innhold

– Eg vil ha ubåten opp uansett

Kurt Oddekalv avbraut pressekonferansen til Kystverket, då dei presenterte si anbefaling om å dekka til ubåten i Fedje i dag.

Oddekalv

SKUFFA: Kurt Oddekalv vil jobba imot forslaget til Kystverket om å dekka til ubåten.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Detta er eit uforsvarleg tiltak. Ubåten er jo full av kvikksølv og eg meiner at det einaste forsvarlege er å bli kvitt denne trusselen mot kysten, fiskarane og dei som bur der, forklarar Oddekalv etter pressekonferansen.

Kystverket vil dekka til ubåtvraket og den farlege kvikksølvlasten på 77 tonn. Dei ønskjer ikkje å forsøka å heva heile eller delar av kvikksølvet.

Det vart klart på dagens pressekonferanse i Bergen, kor Kystverket sine faglege anbefalingar vart offentleggjort.

– Tildekking, og ikkje heving, har ein høgare tryggleik og lågare risiko, seier beredskapsdirektør Johan Marius Ly.

Fryktar lekkasjar ved heving

Det er fjerde gang Kystverket landar på den same konklusjonen. Årsaka er at det er tryggare for miljøet på både kort og lang sikt, blant anna fordi ein fryktar kvikksølvlekkasjar om ein forsøker å heva flaskene.

– Anbefalinga er basert på at detta er eit miljøprosjekt, som skal vera sikkert på kort og lang sikt. Rein tildekking av vrakdelar, forureina sedimenter og last vil ha ein høgare operasjonell tryggleik og gje liten risiko for utslipp på kort sikt, seier Ly.

Beredskapsdirektøren trekker også fram at tildekking er lett gjennomførbart, i tillegg til at utstyret som ein treng er kommersielt tilgjengeleg.

Ei heving ville vore ein betydeleg meir krevjande og usikker operasjon, ifølge Ly.

pressekonferanse Kystverket

VIL DEKKA TIL: Kystverket presenterte i dag si anbefaling om å dekka til ubåten i Fedje.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er uforsvarleg

Likevel meiner Oddekalv at det beste er å heva ubåten.

– Vi skal jobba alt vi kan imot detta forslaget til Kystverket. Vi har trass alt to parti i regjeringa som har bestemt at ubåten skal opp og det er det eg forvente no, forklarer Oddekalv.

– Trur du den nye regjeringa vil ta den opp no etter anbefalinga?

– Eg trur at når Høgre og Frp får høyra at berre tildekking kostar 400 millionar kroner, så trur eg det er nok av aktørar som kan klara å heva ubåten for 300 millionar. Detta har andre land klart å gjera, men vi som skal vera dei fremste innan undervassteknologi vi klarer det ikkje. Eg synest det berre er tull, seier Oddekalv.

– Kva vil du gjera vidare no?

– Eg vil følga saka vidare. Det har ikkje kome noko nytt i denne utgreiinga som ein ikkje visste før Høgre og Frp bestemte seg for at ubåten skulle opp. Så eg forvente at dei holder seg til det, forklarer Oddekalv.