Hopp til innhold

- Å "snu døgnet" er ikkje lønsamt

Konsernsjefen i Sogn og Fjordane Energi tilbakeviser at å bruka elektrisitet på natta fører til mindre straumrekning.

Konsernsjef Ole Schanke Eikum i SFE.
Foto: Steinar Lote / NRK

- Avrekninga av elektrisk kraft til private sluttbrukarar skjer ikkje time for time – det skjer ved hjelp av den målaren som står i sikringsskapet – og denne vert avlest annankvar eller tredjekvar månad av kunden sjølv, skriv Ole Schanke Eikum, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi i ein e-post til NRK Sogn og Fjordane.

- Timesavlesing gjeld berre storkundar

Tidlegare har Rune Nydal, styremedlem i Småkraftforeininga, anbefalt nordfjordingar å til dømes laga middag på natta i staden for på ettermiddagen. Nydal argumenterte med at straumen er dyrast på ettermiddagen når straumforbruket er størst.

Schanke Eikum forklarar at kraftprodusentar får avrekna produksjonen sin time for time. Derfor er det viktig for ein produsent å tilpassa produksjonen til timeprisane. Men dette verkar ikkje inn på straumrekninga til folk flest, skriv konsernsjefen.

- Rune Nydal har sin erfaring frå småkraftproduksjon, men det vert ikkje riktig å overføra denne erfaringa direkte til alle sluttbrukarar av elektrisk kraft. Ved avrekning av kraftforbruket vil kraftleverandøren kalkulera ein gjennomsnittspris basert på standard kraftprofilar for det innrapporterte kraftforbruket. Det er derfor ingen grunn til å ”snu døgnet” med det avrekningssystemet me har i dag.

Eitt unntak er likevel kundar som har eit forbruk på over 100.000 kWh/år. Dei har timesmålarar og timesavrekning av forbruket, og kombinert med spotpris vil tidspunktet for bruken av straum vera relevant.

Timesavleste målarar kjem truleg

Schanke Eikum fortel likevel at tidspunktet for når på døgnet ein brukar straum, ei gong i framtida kan verka inn på straumrekninga. Norges vassdrags- og energidirektorat utgreier no ei innføring av timesavleste målarar til privatkundar.

- Mange er mellombels skeptisk til konsekvensane med å køyra elektriske apparat natterstid. Går desse utan tilsyn, kan risikoen for dødsbrannar auka, skriv konsernsjefen.