Arven etter Ronny

Han får folk til å elske karate, og dreg med seg heile bygda på trening. Men ein dag dukkar han ikkje opp sjølv.

I den kalde gangen ligg 40 par med sko strødde rundt omkring. Nakne føter finn vegen inn døra, inn til den store salen med det fine tregolvet.

Dei kvite draktene er på. Belte i mange fargar.

Alle er der av same grunn.

Draumen

Fem år tidlegare har Ronny Kjosvold Råmunddal nettopp tatt eit val som skal kome til å få store konsekvensar. Både for han sjølv og for mange andre.

Den tidlegare landslagsutøvaren i karate har sagt opp jobben sin på treningssenteret. Han kan ikkje vere forplikta til å møte opp andre stader no.

Kjærasten Sarah har han overtalt til å pakke saman livet sitt og bli med på flyttelasset.

For no skal 32-åringen gjennomføre det han har planlagt lenge:

Han vil flytte heim for å starte det som skal bli Noregs beste karateklubb. I dei små bygdene i indre Telemark skal barn og unge få oppleve japansk kampkunst.

Planen hans er å bygge eit stort treningssenter for karate – ein dojo – der heime på bygda.

Der skal dei lære å gjere sitt beste – og at det er godt nok. Etter kvart skal det springe fram utøvarar som kan hevde seg nasjonalt og internasjonalt.

Sjølv skal Ronny vere hovudinstruktør – eller sensei, som det heiter.

I små samfunn kan eitt menneske gjere ein stor forskjell.

Det er dét Sensei Ronny vil gjere.

Ronny Råmunddal

Ronny har eit spesielt godt lag med dei unge.

Foto: Privat

Eldsjela

Ronny startar med å reise rundt til skular og idrettslag. Inviterer folk til å prøve.

Snart fyllest treningane opp av nysgjerrige barn og unge som har lyst til å drive med noko anna enn fotball og ski. Og av foreldra deira.

Raskt kjem også folk frå bygdene rundt for å vere med. Over to timar bilkøyring for å kome seg til og frå trening i Seljord er ikkje noko hinder.

Og heile tida blir dei fleire. På det meste er dei oppe i nesten hundre medlemer.

Snart etablerer klubben seg også i den vesle bygda Øyfjell, som har under 400 innbyggjarar.

Der er dei ofte opptil 40 personar på karatetrening i det vesle grendehuset. «Karate er den nye folkesporten i Øyfjell», skriv lokalavisa.

Den yngste på Ronnys treningar brukar bleie under den kvite karatedrakta. Dei eldste nærmar seg 60. Alder betyr ingenting. Dei står der i heilt like drakter – på heilt like premiss.

Video: Godt Sagt / Vi Fritid

For Ronny blir det ofte lange dagar og seine kveldar. Både Sarah og Ronnys mor blir vant til å vente på han.

Det er nesten alltid noko han må gjere, nokon han må hjelpe eller prate med, før han kjem seg heim.

Eldsjeler er ikkje dei enklaste å vere nær.

Ein heilt spesiell fyr

Dei vaksne i klubben kallar Ronny eit unikt pedagogisk talent.

På treningane blir dei som slit med å forstå og fokusere møtt på akkurat same måten som dei som opplever rask framgang.

Ronny lærer seg namna på alle dei nye med ein gong. Hugsar å spørje dersom nokon har opplevd noko vanskeleg.

Folk skildrar ein sensei som ser tvers gjennom alle. Som er både trenar og ven. Som er heile grunnstamma i miljøet, heilt på eiga hand.

Ingen tenker på kva som vil skje med klubben dersom Ronny plutseleg ein dag skulle bli borte.

Vendepunktet

Ronny jobbar dag og natt med å få dojoen ferdig.

Han planlegg, grublar, samlar inn pengar. Mykje pengar. Snikrar, målar, finpussar. Golvet må leggast tre gonger før det blir perfekt.

Han merkar at han er sliten. Det er noko som ikkje er som det skal vere.

Og midt oppe i arbeidet får Ronny den skremmande beskjeden:

Han har ein svulst i hjernen.

Det viser seg at svulsten er godarta, men den må opererast vekk.

For fyrste gong ser Sarah at kjærasten er redd.

Operasjonen går bra, men Ronny er naturleg nok redusert etterpå.

Likevel har han verken tid eller lyst til å vere «han sjuke». Har ikkje tid til å ta det med ro.

Både kjærasten, mora og bestemora ber han om å ta meir omsyn til helsa. Men i løpet av kort tid er han tilbake på parketten.

Det er ein stolt sensei som i november 2018 kan opne sin eigen dojo. Eit stort og profesjonelt karatesenter i ei lita bygd. Ordføraren kappar snora med samuraisverd.

Samtidig nærmar klubben seg ein annan stor milepæl. Det er snart tid for at dei fyrste elevane skal prøve seg på graderinga til svart belte.

Talentfulle gutar og jenter som er trent opp av sensei Ronny i tradisjonell karate skal no prøve seg på den fyrste meistergraden.

Blant dei er 16 år gamle Bjørn Halvor Bjørge. Han liknar læremeisteren sin på mange måtar. Både å sjå på, og i måten han bevegar seg.

Ofte er han med som hjelpetrenar. Fleire ser på han som ein mindre versjon av Ronny.

Fram mot sommaren skal sensei Ronny lose Bjørn Halvor og dei andre trygt fram til den store dagen.

Men ingenting skulle bli slik dei hadde tenkt.

Den svarte fredagen

Fredag 15. mars 2019 sit Sarah på skulebenken i Oslo og kjenner seg heilt rar. Ho avlyser planane sine den kvelden, og reiser i staden heim til leilegheita si.

Det er ei stund sidan ho flytta til byen. Det var ikkje så lett å sitje aleine i ei ukjent bygd medan Ronny var på jobb.

To gonger tidlegare har dei gjort det slutt. Det er vanskeleg å få eit forhold til å fungere når den eine gjev så mykje av seg sjølv til noko anna.

Men no har dei bestemt seg. Det skal vere dei to.

Dei har vore gjennom så mykje. No skal alt bli bra.

Men akkurat i dag kjenner Sarah ei sterk uro.

Sarah Stensholt Heiberg

Sarah Stensholt Heiberg blei saman med Ronny då ho var 18 år.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

Samtidig har Ronnys mamma dekt på til lunsj heime. Ronny skal stikke innom der for å ete før han skal vidare til dojoen.

Maten har stått klar lenge, berre eggerøra ventar på ein runde i steikepanna. Anne Marie er vant til å vente på sonen.

Men no tek ho opp telefonen endå ein gong.

Også i dojoen breier uroa seg. Det skal vere treningssamling og filmkveld der denne fredagen. Ronny har avtalt at han og ei av karatemødrene skal handle inn det som trengst.

Men han svarar ikkje på telefonen. Samlinga skulle alt ha vore i gang.

Og no har fleire sett politi og ambulanse med blåljos utanfor huset der Ronny bur.

Etter kvart kjem ungdomspresten i bygda, som også er medlem i karateklubben, ned til dojoen. Han ser lei seg ut. Men han kan enno ikkje fortelje kva som har skjedd.

Sjokket

Dagen etter får alle vite det.

Familien hadde funne Ronny livlaus på soverommet sitt.

Kvart år blir om lag 30 personar ramma av det legane kallar «plutseleg, uventa epilepsirelatert død». Svulsten eller operasjonen hadde utløyst epilepsi hos Ronny.

Han hadde hatt nokre mindre anfall tidlegare. Men dette siste anfallet blir eit brutalt punktum for eit 36 år langt liv.

Familien er i sjokk. Sarah er i sjokk. Alle som kjente Ronny er nede for teljing. Ingen forstår korleis den sterke, sunne mannen berre kunne bli borte slik.

Klubben er lamslått. Kva i all verda skal dei gjere no?

Fleire tenker med ein gong at dette må vere slutten for Telemark karate. At dei ikkje har sjanse til å halde det gåande utan han.

Kva no?

Sensei Ronny blir gravlagt den siste onsdagen i mars.

Steinkyrkja er fylt til randa med folk som vil ta avskjed.

Mange har lenge tenkt at det var noko spesielt med Ronny, men fyrst no blir det verkeleg tydeleg korleis han har påverka menneska rundt seg.

I minnetalene er det vanskeleg få plass til alt det fine folk har å seie om han. Sarah syng den songen ho hadde tenkt å synge for han når dei skulle gifte seg.

Medlemene i klubben har avtalt at dei skal ha på seg karatedraktene sine i gravferda.

Når kista skal berast ut vil dei stå der saman i to lange rekker utanfor kyrkja – for å heidre læremeisteren sin på den siste reisa.

I minnesamværet etterpå er den store dojoen stappfull. Alle som har møtt fram får sjå bilete og filmar. Eit lite glimt av alt det Ronny fekk til i løpet av eit altfor kort liv.

Det tek ikkje lang tid før klubben bestemmer seg:

Alt Ronny har oppnådd kan ikkje ha vore forgjeves. Dei skal fortsette på livsverket hans.

Vegen vidare

Men dei har ikkje nokon hovudtrenar og læremeister lenger.

Ein av dei vaksne i klubben er på god veg, men er enno ikkje klar for å tre inn i rolla som sensei åleine.

Dei kontaktar då mannen som trente Ronny i Tønsberg.

Frå Tønsberg til Seljord er det to og ein halv times køyring kvar veg. Likevel svarar sensei Frank ja når han blir spurt. Han vil heller ikkje at det Ronny har bygd opp skal forsvinne.

Fleire i det nasjonale karatemiljøet ynskjer å hjelpe. Og i klubben er dei mange eldsjeler som no tek endå eit steg fram for å bidra på alle måtar.

Karatetrening i Øyfjell

Treningane i Øyfjell er noko av arven etter Ronny. - Å sjå at klubben lever vidare betyr alt, seier mora hans.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRKFoto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Det svarte beltet

Nokre månader seinare skal klubbens fyrste elevar prøve seg på det svarte beltet.

Blant dei er «Vesle-Ronny» – Bjørn Halvor Bjørge. Han synest det er eit stort kompliment å bli samanlikna med læremeisteren sin, men trur aldri han vil klare å fylle tomrommet etter han.

Det er denne dagen ungdomane har jobba for saman med Ronny i over fire år. Sjølv om han ikkje er der saman med dei denne junidagen, er han der likevel på eit vis.

Og når Bjørn Halvor kan knyte det svarte beltet rundt livet for fyrste gong er det senseien sin han tenker på.

Bjørn Halvor Bjørge

Bjørn Halvor Bjørge er ein av mange som fører arven etter sensei Ronny vidare.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

I 2014 starta Ronny med to tomme hender og ein draum om å starte Noregs beste karateklubb.

Hausten 2019 - eit halvt år etter at Ronny blei borte - er det nettopp klubben hans som stiller med flest medlemer i cupen til Noregs tradisjonelle karateforbund.

Dei tar med seg medalje etter medalje heim til fjellbygdene.

Og fire gonger kvar einaste veke møtest dei framleis til karatetrening. Dei yngste i bleie, dei eldste snart pensjonistar.

Medlemene når stadig nye mål, stadig nye belte.

Sensei Ronny lever ikkje lenger. Men det gjer draumen hans.

Karatetrening i Øyfjell

Den yngste og den eldste mediterer saman før trening i Øyfjell. Sveip for å sjå fleire bilete.

Foto: Privat
Minneord

Minneord etter gravferda.

Anne Marie Råmunddal

Mora spurte ein gong Ronny om ho kunne få eit karatebelte, berre for å ha det. – Det fekk eg ikkje. Men no har eg jo mange, seier Anne Marie Råmunddal.

Telemark karate - dojo

Dojoen har blitt ein møteplass på tvers av aldrar.

Telemark Karate - Seljord

Golvet som måtte leggast tre gonger toler alt det skal tole.

Bjørn Halvor Bjørge

Bjørn Halvor Bjørge fekk det svarte beltet tre månader etter at Ronny blei borte.

Telemark Karate - Øyfjell

Sensei Frank Bruun reiser ofte til Vest-Telemark for å hjelpe til med å vidareføre det Ronny starta.

Emilie Gjerlid Sollid

- Eg ville eigentleg ikkje fortsette utan Ronny, seier Emilie Gjerlid Sollid. Men ho ombestemte seg raskt.