Willy Solberg
Foto: Anne Lognvik / NRK

Tapet av barna gjer jula ekstra sår

SILJAN (NRK): Eldstesonen hans tok livet sitt på ein fest. Eitt år seinare mista han den andre sonen i ei ulykke. For Willy Solberg er jula den verste tida i året.

Rundt omkring i Noregs land er det mange som no gler seg til å feire jul. Familiekos, gåver, vakker musikk og god mat er berre nokre av årsakene til at slutten av desember er eit høgdepunkt for mange.

Heime hos Willy Solberg i Siljan er ikkje julestemninga like høg. Den gode kjensla for juletida har vore vekk i mange år.

Han finn enda mindre glede i den no, når det ikkje ein gong er skiføre.

– Jula er den verste tida, seier han med eit smil, men bak smilet gøymer det deg eit alvor.

Eg har ikkje tørt å seie det til familien enda

Willy Solberg

Solberg har nemleg opplevd det som kanskje er ein forelder sitt største mareritt. Å miste barn. Han har mista to.

– Eldstesonen min tok livet sitt på ein fest, og det var sjølvsagt tungt for heile familien, seier han.

Dei valde å vere opne om kva som hadde skjedd, og etter kvart som tida gjekk vart såra lækja. Litt, i alle fall.

Året etter den tragiske hendinga skulle Willy og yngstesonen på fisketur. Da raste verda saman på ny.

Det ramla ein stein over yngstesonen min, Vegard. Han døde der og da, seier Solberg.

Saknet etter sønene er det som no gjer jula til ei vanskeleg tid for Willy Solberg, som bur aleine i huset sitt i Siljan.

– Det vert nokre tomme stolar i jula, og det er alltid vondt, seier han.

Mange er aleine

Tap av relasjonar er noko av det folk slit mest med og for mange av desse er jula ekstra tung, seier dagleg leiar i Hjelpetelefonen, Aslaug Timland Dale.

Frå juli i år og fram til no har Mental Helse fått 23.000 slike telefonar eller skriftlege kontaktar frå folk som treng nokon å snakke med. 40 prosent av dei som har kontakta Hjelpetelefonen det siste halve året, ville snakke om jul.

– Det er så mange tankar og kjensler rundt jula. Å vere utan nokon nære rundt seg er ekstra vondt i jula, seier Dale.

Årsaka til at så mange kjenner på dette saknet rundt juletider, trur Dale at er fordi det er ei høgtid der det er meint at ein skal samlast rundt bordet.

– I motsetnad til andre feriar der det er vanleg å reise vekk og halde tankane på andre ting, er jula ei tid der ein skal samle saman dei ein har kjær, seier Dale.

Ho fortel at dei tilsette ofte klarer å få folk på betre tankar i løpet av samtalene, men det hender at det er så svart at dei ikkje klarer å snu tankane til folk.

– Mange som ringer til oss, slit med sjølvmordstankar og har mista livslysta, seier Dale.

Då spør folka på Hjelpetelefonen om dei kan kontakte helsevesenet.

– I dei fleste tilfella får me lov til det, også får folk hjelp til å kome gjennom krisa. Men alle som ringer til oss har rett til å vere anonyme. Dersom dei ikkje vil at me skal kontakte helsevesenet, så kan me heller ikkje gjere det, seier Dale.

Hjelpetenesta svarer folk over heile landet døgnet rundt sju dagar i veka. Dei kan ein nå på telefonnummer 116 123 og tenesta er heilt gratis.

Aslaug Timland Dale

MANGE TELEFONAR: Aslaug Timland Dale er dagleg leiar i hjelpetelefonen til Mental Helse.

Foto: ANNE LOGNVIK / NRK

Poesien vart terapi

For Willy Solberg vart naturopplevingar og poesi medisinen i åra som kom. Han søkjer utandørs, for å få ro og kjenne seg heil.

Der ute hender det også ofte at han skriv, og gjennom dikta får han sett ord på kjenslene sine. Men orda som vert skrive ned med blyantspissen ved kaffibålet klarer han ikkje å omsetje til munnleg form.

– Eg vert ofte spurt om eg kan lese litt frå dikta mine, men det klarer eg ikkje. Da byrjar eg berre å gråte, seier Solberg.

Skrivinga har resultert i ei diktsamling, som har fått namnet «Livsglede i moll». I den samlinga har han også eit dikt om jul.

I videovindauget under kan du høyre dette diktet som Solberg har gjeve namnet "Jul for alle".

Eit dikt av Willy Solberg

DIKT OM JUL: Høyr Roald Marker framføre diktet "Jul for alle" av Willy Solberg

Kjærleiken til naturen har vore sterk i etterkant, og Solberg trur han vil prøve å utnytte det no til jul.

Eg tenker å kanskje vandre så langt til skogs på juleftan at eg ikkje høyrer lydane frå bygda. Reise opp på ei hytte der for å feire jul aleine. Berre ta med meg skrivesaker og fotoapparatet, seier Solberg.

Han veit likevel ikkje heilt om han tør å gjere det, men det er ikkje fordi han fryktar korkje skogen eller det å vere einsam der oppe.

– Eg har ikkje tørt å seie det til familien enda, ler han.

Om Solberg drar til skogs er det nemleg eit val han tek og det ville også vore fyrste gongen han gjer det. Dei siste åra har han feira jul med dei familiemedlemma han har igjen.

– Eg har brørne mine og barnebarna deira. Sjølv kjem eg aldri til å få barnebarn, men eg er glad i dei barnebarna som er der, seier Solberg.

Familien har vore viktig støtte etter at sønene døde, og etter 16 år har han også fått det betre.

No har eg eit godt liv. Etter alle desse åra har eg lært meg å leve med sorga og saknet, seier han.

For det er nok slik at tida legar alle sår.

Vanskeleg å vere open

– Alt saman var så vondt og eg tenkte at her treng eg hjelp frå nokon, eg fiksar ikkje dette aleine. Det trur eg var ganske lurt å gjera. Då fekk eg den støtta og oppbakkinga eg trong for å koma tilbake, fortel Solberg.

Solberg er med i organisasjonen LEVE, landsorganisasjonen for etterlatne ved sjølvmord. Der gjev han råd til andre som har opplevd liknande tragediar som han.

– Grunnen til at eg har klara å gå vidare, er at eg har vore open om det. Men det er ikkje alltid like lett for alle å vere det, seier han.

Han prøvar likevel å hjelpe folk så godt han kan.

Eg får mange meldingar og telefonar frå folk som slit meir enn meg. Når du mister eit barn, må du legge om tankane, det er du nøydt til for å koma gjennom det.

Willy Solberg om jula

OPEN: Willy Solberg valde å vere open om dei tragiske hendingane i livet sitt. No har han det mykje betre.

Foto: Anne Lognvik