Henriette Stoltz i Ibsenrommet

Biblioteksjef Henriette Stoltz med eit førsteutgåve av Henrik Ibsen sitt skodespel Rosmersholm på Ibsenrommet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Ibsens skjulte skattar skal fram i lyset

SKIEN (NRK): Henrik Ibsens skjulte skattar i fødebyen skal nå fram i lyset når byen får si permanente Ibsenutstilling på biblioteket.

Biblioteksjef Henriette Stoltz blar i ei førsteutgåve av Henrik Ibsen sitt skodespel Rosmersholm på Ibsenrommet på Skien biblotek. Nå skal alt biblioteket har av materiell om Henrik Ibsen ut til publikum.

For Skien bibliotek får nå ei eigen Ibsen-avdeling med førsteutgåver, kommentarlitteratur og anna som lenge har stått innelåst.

Førsteutgåvene av Ibsen sine skodespel, som er innelåst i eit hemmeleg rom i biblioteket, blir nå stilt ut i sikre glasmonter. Og bøker om Ibsen, som tidlegare berre har vore tilgjengeleg i Ibsenrommet på biblioteket, skal fram i hyller i Ibsenavdelinga.

Her skal også kunstgåva som Henrik Ibsen fekk til 70- og 75 årsdagen sin henge på veggen i sikre glasmonter.

Samlinga består av 53 verker frå norske kunstnarar som var aktive rundt 1900 – talet, inkludert dei store, som Frits Thaulow, Harriet Backer og Christian Krogh. Bileta har ikkje vore vist offentleg sidan Ibsen-jubileet i 2006. Då blei det også gitt ut ei bok om kunstsamlinga.

Har samla på Ibsen

Skien bibliotek har samla på Ibsenlitteratur heilt sidan oppstarten i 1894. Det står samla i Ibsenrommet, eit låst rom i den eine fløya i biblioteket. Men det mest verdifulle, førsteutgåver av Ibsen sine skodespel, er låst inne i eit hemmeleg rom der berre tilsette i biblioteket har tilgang. Nå skal denne litteraturen bli tilgjengeleg for publikum.

– Noko blir synleg, og noko blir tilgjengelege til å bla i. Alt etter kor gamalt materialet er og kor mykje det toler å bli bladd i, seier Stoltz.

Biblioteksjefen veit ikkje om denne litteraturen har vore vist fram for publikum tidlegare. Men nokon av bøkene har tidlegare vore framme i hyllene i biblioteket tidlegare.

– Ibsensamlinga inneheld det Henrik Ibsen har skrive sjølv, og litteratur om Ibsen. Både tolkingar av dikt, skodespel og biografiar om mannen, seier Stoltz.

Denne samlinga blir nå tilgjengeleg for publikum i ei eiga avdeling. Noko i opne hyller og noko i låsbare glasskap.

– For det er ikkje alt vi ønskjer at folk skal stå å bla i, det er for verdifullt til det. Men vi vil gjerne at publikum skal sjå det og vite at det finst.

Henriette Stoltz i Ibsenrommet med bøker

Her i Ibsenrommet på Skien bibliotek er det samla bøker av Henrik Ibsen og om forfattaren og diktaren.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Skal fram i lyset

I dag er bøkene plassert i eit låst rom bak ei dør du ikkje kan sjå igjennom.

– Og då er det ikkje så lett å vite at vi har det, seier Stoltz.

Ibsenrommet på Skien bibliotek

Bak denne stengte døra er litteraturen om Henrik Ibsen lagra. Nå skal den ut til publikum.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Det mest verdifulle som blir viset fram er nokre førsteutgåver av Henrik Ibsen sine skodespel. Blant dei er førsteutgåva av skodespelet Rosmersholm som blei gitt ut 1886. Og førsteutgåvene av Hedda Gabler frå 1890 og Lille Eyolf frå 1894.

– Det er nok det mest verdifulle vi har. Dei står ikkje ein gong plassert i Ibsenrommet, og eg har ikkje lyst til å fortelje kor vi har dei, seier Stoltz.

Skien bibliotek har heilt sidan oppstarten vore oppteken av å samle på bøker med skodespel og dikt som Henrik Ibsen skrive. Slik har biblioteket sakte, men sikkert bygd opp ei samling med bøker.

– I dei seinare år, når det blei starta med å forske på Ibsen, har biblioteket sørga for å samle litteratur om mannen. Ikkje minst har litteratur om den tida Henrik Ibsen budde i Skien vore viktig for biblioteket. Om kva det betydde at han budde her, og vaks opp her fram til han blei 15 år, seier Stoltz.

Unik kunst i gåve

Samlede verker av Ibsen

Skien bibliotek har samla på litteratur av Henrik Ibsen sidan biblioteket blei opna i 1894.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Kunstnerisk konsulent i Skien kommune, Tom-Erik Lønnerød, fortel at kunstgåva til Henrik Ibsen sin 70 års dag i 1898 og til 75 års dagen i 1903 inneheld bilete av dei han karakteriser som "gullalderen" innan norske kunstnarar på den tida.

– Her er alle dei kjente kunstnarane representert i denne samlinga. Det er Christian Krohg, Erik Werenskiold, Halfdan Egedius, Kitty Kielland, Harriet Backer, alle dei store er representert i denne gåva, seier Lønnerød.

Han seier det er ei unik samling som Skien kommune er så heldig å ha. Samlinga blei gitt til kommunen frå etterkommarane til Henrik Ibsen i 1958.

– Ibsen er født her, og når kommunen fekk sjansen til å overta samlinga så gjorde dei det, seier Lønnerød.

Kunstgåva inneheld mange små bilete som blei gitt samla til Henrik Ibsen i to omgangar. Og Lønnerød meiner det er ein stor variasjon i bileta i samlinga.

– Det er måleri, teikningar og akvarellar. Det er mange landskapsbilete, og stort sett norske motiv.

Tom-Erik Lønnerød og Henriett Stoltz med Ibsens kunstgåve

Tom-Erik Lønnerød og Henriette Stoltz med delar av kunstgåva til Henrik Ibsen som nå skal fram i lyset.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Vanskeleg å sette verdi

Lønnerød synest det kan vere spennande å tenke på om dette er favorittkunstnarane til Henrik Ibsen.

Emanuell Vigeland

Kysset. Emanuell Vigeland (1875-1948)

Foto: INGE FJELDDALEN

– Det veit vi ikkje så veldig mykje om. Men vi veit kva han hadde på veggen i leilegheita i Arbiens gate i Oslo mot slutten av livet. Og det er berre tre av kunstnarane som er representert i kunstgåva som hang på veggen der, Asta Hansteen, Christian Krohg og Oscar Arnold Wergeland. Så vi kan vel rekne med at ein del av desse kunstnarane var litt for moderne for Henrik Ibsen sin eigen smak. For desse kunstnarane var 20–30 og 40 år yngre enn han.

Lønnerød meiner det er vanskeleg å sette ein verdi på samlinga av bilete som kunstnarar gav i gåve til Henrik Ibsen.

– Det at så mange sentrale kunstnarar brukte tid og energi på å gje desse gåvene, fortel litt om kva posisjon han hadde blant kunstnarar. Men det er i første rekkje ei kulturhistorisk samling som er gitt for å heidre Henrik Ibsen. Og eg vil seie at det ikkje vil vere mogleg å omsette desse verka, men vi passar på den så godt vi kan.

Skal bruke sikre glas

Harriet Backer

Interiør med ildsted, 1889. Harriet Backer 1845-1932.

Foto: INGE FJELDDALEN

For det er stort sett kunstnerisk arbeid som er gjort på papir, og som er skjøre og ømfintleg for lys. Og det er ein av grunnane til at samlinga ikkje er blitt vist fram etter at den blei tatt ned. Lønnerød meiner samlinga har godt av å kvile innimellom.

– Når utstillinga blir sett opp igjen, vil vi bruke dei same sikre glasa som blei kjøpt inn i 2006 til det store jubileumsåret. Det er glas som ikkje er så lette å knuse, og som har eit UV filter som tar bort det skadelege lyset. Dessutan vil dei bli skrudd fast til veggen i eit rom som er sikra med alarm, seier Lønnerød.

Les også: Ga bort Ibsens bilder – fikk aldri se dem igjen