Hopp til innhold

VR-briller skal dempe redselen for sprøytestikk

Ved Sjukehuset Telemark får barn som skal ha narkose eit tilbod om å bruke VR-briller for å gløyme smertene.

SLIPPER Å GRUE SEG: Anestesisykepleier Adnan Shateri hjelper pasienten Leif Slåtthaug med å finne frem til riktig film, før han skal finner frem sprøyten med bedøvelse.

SLEPP Å GRUE SEG: Anestesisjukepleiar Adnan Shateri set inn ein såkalla veneflon, medan Leif Slåtthaug (11) er oppteken med dinosaurar i ei virtuell verd.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

– Eg tenkte nesten ikkje over at det kom eit stikk, smiler Leif Slåtthaug (11).

Han er pasient ved avdeling for dagkirurgi på Sjukehuset Telemark si avdeling i Porsgrunn.

I samband med eit inngrep har han akkurat fått sett inn ein såkalla veneflon. Ei plastinnretning som bedøvinga blir kanalisert gjennom.

Med kyndig hjelp frå anestesisjukepleiar Adnan Shateri får han på seg VR-briller, og ser på eit spennande landskap med dinosaurar samtidig som han blir stukken med ei sprøyte i handa.

– Det var nesten som å vere i ei anna verd, seier elleveåringen letta.

God hjelp for pasienten

Det er ikkje tilfeldig at det er Adnan Shateri som hjelper Slåtthaug med dei nødvendige førebuingane før han skal i narkose.

Anestesisjukepleiaren har nemleg skrive masteroppgåva si på korleis VR-briller kan hjelpe som ein avleiingsmanøver når barn og unge skal oppleve noko dei veit kan gjere litt vondt.

SLIPPER Å GRUE SEG: Anestesisykepleier Adnan Shateri hjelper pasienten Leif Slåtthaug med å finne frem til riktig film, før han skal finner frem sprøyten med bedøvelse.

Anestesisjukepleiar Adnan Shateri hjelper pasienten Leif Slåtthaug med å finne fram til rett film, før han skal ta fram sprøyta med bedøving.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

– VR-brillene gjer at barnet kan konsentrere seg om noko positivt, seier han.

Forsking i USA har vist at pasientar kan oppleve smerte så mykje som 44 prosent mindre om dei bruker VR-briller samtidig som dei blir behandla, fortel Shateri.

– Det kan til dømes gjelde for vaksne pasientar som må gjennom ei smertefull behandling av brannsår.

Kan redusere bruk av medisinar

– Det har gitt oss mange gode opplevingar. Både for barna og oss som jobbar her, seier Saman Rasapour.

Han er seksjonsleiar ved avdelinga for anestesi og dagkirurgi på Sjukehuset Telemark i Porsgrunn.

Saman Rasapour. Leder for seksjon anestesi og dagkirurgi Sykehuset Telemark, Porsgrunn

SKAL BRUKAST MEIR: Saman Rasapour, seksjonsleiar ved avdelinga for anestesi og dagkirurgi på Sjukehuset Telemark i Porsgrunn.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

– De fryktar ikkje at dykk gjer barna ei bjørneteneste ved å ikkje la dei tole smerta?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Smerta kan i ein del tilfelle påføre barna ei traumatisk oppleving. Det unngår vi ved å dempe smerteopplevinga, meiner han.

Den positive opplevinga fører òg til at pasienten kan bruke mindre medisinar før narkose.

– Dette er svært viktig. All medisin vi gir på anestesi, kan påføre barna komplikasjonar. Det mest naturlege er å ikkje gi dei for djup narkose.

Frigjerande for bestemor

Tove Slåtthaug er med som anstand for barnebarnet, og lèt seg imponere av tilbodet til barn som skal oppleve noko som kan verke litt skummelt.

Ho har sjølv minne frå besøk på sjukehus som barn. Då var metodane ganske annleis.

– Då fekk vi sett på ei maske. Det var ikkje noko behageleg, for då måtte eg telje. Eg kjende at eg vart kvelt heile tida. Og så vart eg halde fast om eg ikkje ville gjere akkurat som dei sa, hugsar Slåtthaug.

Tove Slåtthaug lar seg fascinere av barnebarnet Leiv Slåtthaugs opplevelser på venterommet, mens Anestesisykepleier Adnan Shateri hjelper elleveåringen med å finne frem.

GODT FOR BESTEMOR ÒG: Tove Slåtthaug synest det er frigjerande å sjå at barnebarnet Leif Slåtthaug slepp å vere redd. Anestesisjukepleiar Adnan Shateri får styre spakane.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Ho synest det er frigjerande å sjå barnebarnet slappe meir av i situasjonen.

– Det kjennest veldig godt for ei bestemor.

Og for dei som synest ein film om dinosaurar kan vere eit overraskande val for å roe nervane, kan Shateri fortelje at det er mange alternativ.

– Vi prøver å tilpasse det mest mogleg til alder òg, seier han.

Dino

Dei tilsette følgjer med på kva barna opplever virtuelt via ein tv-skjerm, slik at dei kan kommunisere om det som skjer.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Fleire av barna synest opplevinga var så spennande at dei vil tilbake til sjukehuset for å bruke VR-brillene.

– Då er vi der vi skal vere. Dei skal oppleve at dei kjem hit for å bli friske og få hjelp.

Forskar på bruken av VR-briller

Sjukehuset Telemark er tidleg ute, men fleire andre sjukehus har òg vist interesse for bruk av VR-briller på ulike måtar.

I desse dagar blir det avslutta ein studie på temaet ved Rikshospitalet.

Julie Bredal Berge, psykolog

Julie Bredal Berge jobbar med studien «Virtuelle reiser for barn og unge på sjukehus – evaluering av bruk av VR-briller som ein del av sjukehusbehandlinga». Den blir i desse dager avslutta avslutta på Rikshospitalet.

Foto: Privat

Der har ekspertane nytta VR-briller som ein del av den heilskaplege behandlinga for barn og unge som er innlagt på sjukehus, mellom anna på grunn av kreft.

Videomaterialet er utvikla av Kreftforeningen og er spesielt tilpassa for målgruppa.

– Det er rolege filmar der barn er i ein setting med dyr og natur. Dei er til dømes under vatn med delfinar eller går rundt i storbyar. Alvorleg og kronisk sjuke barn får eit avbrekk frå kvardagen på sjukehus, fortel Julie Berdal Berge.

Ho er psykolog ved Rikshospitalets avdeling for den psykiske helsa til barn og unge på sjukehus.