No gjer han svenske av seg

Alf Cranner på svenska heiter ein cd som kjem i slutten av neste år. Ti av visene til Cranner er omsett til svensk, og innspela med bandet Fridens Liljor.

Alf Cranner

No gjer Alf Cranner svenske av seg, i alle fall musikalsk.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Ei stor ære og veldig stas- seier Cranner til NRK. Han legg til at han ikkje trur dette har skjedd før med ein norsk artist. Alf Prøysen blei omsett, og det kom ut ein LP i Sverige, men det var etter at Prøysen var død seier Cranner.

Alf Cranner byrja å turnere i Sverige på 1960 talet, og har samarbeida og turnert med mange av dei store svenske visekunstnarane.

– Møtet med Olle Adolphson blei avgjerande for meg. Eigentleg hadde eg bestemt meg for å satse på biletkunst, men då eg høyrde Olle Adolphson og fekk møte han, blei det musikken og visene som blei mitt livsvalg seier Cranner.

Alf Cranner

Alf Cranner er kjent og kjær for mange, og visene hans er viden kjent.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Utruleg fantastisk

Cd en - Alf Cranner på svenska- kjem ut i samband med Gøteborg visefestival 24. januar 2013.

Det er musikar og sangar Gunnar Kjellstrøm som har omsett tekstane, og spela dei inn med sitt band Fridens Liljor.

Alf Cranner frå Kragerø er både stolt og glad.

– Dette er så stort. Det er heilt fantastisk, seier Cranner.