Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven seier han innser at kommunen ikkje får lov til å vidareføre hytteforbodet ei veke ekstra.
– For nå har helseministeren sagt at Fylkesmannen sin kontroll om vedtaket er lovleg er ein skinnprosess. Så nå har vi skjønt kva konklusjonen på den blir.
Kleven meiner Fylkesmannen berre kjem til å konkludere på vegner av helseministeren om at hytteforbodet er ulovleg utan at kommunen får forklare kvifor.
Han fryktar det nå vil kome mange på hyttene siste helga i april, og synest helseminister Bente Høie har vore uryddig.
Ordførar Jon Rikard Kleven meiner kommunen blir overkøyrt av helseministeren.
Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRKKleven fortel at det har vore ein telefonstorm mot Vinje kommune etter at kommunen vedtok å forlenge forbodet om å opphalde seg på hytta for dei som ikkje bur i kommunen.
– Folk vil på hytta. Og det er ein dokumentasjon på at dei ikkje kjem til å følgje dei nasjonale føringane og råda på å unngå unødige fritidsreiser, seier Kleven.
– Kan ikkje innføre hytteforbod
Helse- og omsorgsminister Bent Høie meiner kommunar ikkje har heimel til å innføre hytteforbod lokalt.
– Eg ventar at fylkesmannen ser på det vedtaket, sa han til NTB.
Helseminister Bent Høie meiner Vinje kommune ikkje kan innføre hytteforbod.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBHøie seier at kommunane har full fridom til å gje råd og tilrådingar til hyttefolk. Men dei har ikkje heimel i smittevernlova til å innføre eit hytteforbod.
Statsråden meiner det er enkelt å forstå kva for råd og reglar som gjeld når hytteforbodet blir oppheva måndag 20. april.
– Du kan ikkje lenger bli straffa for å overnatte på hytta, peikar han på.
Men reiserådet gjeld framleis om å unngå unødvendige fritidsreiser utanfor eigen bu- og arbeidsmarknadsregion. Hytteforbodet blei innført før påske for å unngå overbelastning av helsevesen i hyttekommunane.
Forlenga med ei veke
Vinje kommune har vedteke eit forbod mot å opphalde seg på fritidseigedom for folk som bur utanfor kommunen. I tillegg så må folk som kjem frå Oslo og Viken i karantene i 14 dagar nå dei er i kommunen.
Ordførar Jon Rikard Kleven fortel at kommunen har blitt kontakta fredag morgon av juristar hos Fylkesmannen som skal gjennomføre ein kontroll om vedtaket er lovleg.
– Helsevesenet i Vinje går no med halv fart, fordi alt må bli smittevernklarert på legevakt og i ambulanse.