Hopp til innhold

Ville kaste Frp-ordførar

Tjøme Frp ville kaste ut ordføraren.

 

Per Ove Width
Foto: Scanpix / Scanpix

Den fungerande formannen i Tjøme Framstegsparti planla å kaste ut ordførar Per Hotvedt Nielsen fordi han var for eigenrådig.

Etter det skulle varaordførar Per Ove Width tvingast til å trekke seg frå nominasjonslista, skriv Tønsbergs Blad.

Ankar avgjerda

Det er uro i Framstegspartiet sitt lokallag i Tjøme kommune.

I førre veke kasta Vestfold Frp ut medlemmane Vibeke Andersen og Roar Jonassen, fordi dei skal ha sverta ordføraren.

Styret i Tjøme Frp vedtok tysdag å anke avgjerda om at desse to medlemmane blei kasta ut av partiet.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark