Hopp til innhold

Ville ikkje avlyse – sende bryllaupet på nett

Gjestane fekk beskjed om at bryllaupet var avlyst. Så dukka det opp ei pakke på døra.

En bildemontasje med bilde av brudeparet og gjester.

FEIRA: Det blei bryllaupsfest fleire stader i landet.

Foto: Bildemontasje/NRK

Brureparet Lene Bergan og Sverre Kolstø frå Skien skulle gifte seg 20. mai 2020 – på dagen 20 år etter at dei møttest fyrste gong.

Familie og vener gledde seg. Men med koronaviruset, kom også beskjeden om at bryllaupsfesten var avlyst.

– Det er klart me blei lei oss, seier søskenbarnet til brudgommen, Bodil Svanberg i Rogaland. Ho deltok i bryllaupet frå Haugesund, 36 mil unna.

Men ho byrja å lure då fetteren Sverre sa at dei likevel måtte halde av ettermiddagen.

Lene Bergan og Sverre Kolstø var kreative då dei ikkje ville avlyse bryllaupet sitt.

SJÅ VIDEO FRÅ FEIRINGA: Lene Bergan Kolstø var kreativ då ho og brudgommen ikkje ville avlyse bryllaupet sitt.

Sjampis på døra

Nokre dagar før den store dagen kom det ei pakke på døra til Svanberg. Inni låg det eit koseleg brev med seremoniprogram og invitasjon til å fylgje bryllaupet direkte over internett.

Dessutan låg det ei champagneflaske, ei konfettikanon, litt søtt og lommetørkle til gledestårer i pakka.

Gaveposer som skal leverast til bryllaupsgjestar

Lene gjorde ein stor innsats for at gjestane skulle kjenne seg inkludert. Her med utkøyring av overraskingsposane.

Foto: Privat

Skålte over heile landet

Då dagen kom, var gjestane berre eit tastetrykk unna å vere til stades under seremonien på vakre Odden gard i Skien. Med blå himmel og varme i vêret entra brudgommen og forlovaren den raude løparen til songen «Can't help falling in love».

Samtidig sat bryllaupsgjestane og skålte og tørka tårer i Haugesund, Tromsø, Telemark og på ein plattform i Nordsjøen.

Catrine Tverdal må tørke tårer under det direktesende bryllaupet til barndomsvenninna

RØRT: – Då eg såg den vakre brura, klarte eg ikkje halde tårene tilbake seier barndomsvenninna, Catrine Tverdal.

Foto: Privat

Men korleis er det å vere gjest i eit bryllaup gjennom ein skjerm?

– Det var heilt spesielt og veldig sterkt. Eg trur det er den næraste vigselen eg har vore i, og eg har vore i ein del vigslar. Dette var noko eg kjende mykje sterkare enn om eg hadde vore til stades, seier Svanberg.

– Me lagde fest av det!

Evy og Lars gjer seg klare til digitalt bryllaup

FULLT KALAS: I Haugesund var bordet pynta med kvit duk og blomar. Glas stod klare til champagneflaskene som kom i posten. F.v. Lars og kona Evy.

Foto: Privat

– Gjestane betydde mest

For brureparet har innsatsen til dei digitale bryllaupsgjestene gjort stort inntrykk.

– Det er det som har betydd mest for oss. Det er det me pratar om, seier Sverre Kolstø.

Kona Lene er einig:

– Me har eigentleg prata svært lite om vår eigen seremoni, berre dei herlege menneska som tok det heilt ut.

Brureparet

Responsen har vore overveldande og rørande seier dei nygifte.

Foto: Per-Åge Eriksen

Det er uvisst kor mange vigslar som blei gjennomført i Noreg denne våren, då tala til Skatteetaten ikkje blir oppdaterte før etter ein god stund. Men mange har valt å utsetje til situasjonen er annleis.

Bryllaupsgjesten Svanberg er oppteken av å formidle at det går an å lage fest på trass avstand og restriksjonar.

– Det går an å vere nær, sjølv om ein er langt unna. Me var til stades, trass at me sat i kvar vår stove.

Ho har ei tydeleg oppfordring til alle som har litt usikre planar om dagen:

– Til dei som avlyser alt: ikkje gjer det!