Vil støtte Telemark sitt val
Stortingsrepresentant for Telemark Høgre, Solveig Sundbø Abrahamsen, seier ho vil støtte det trasevalet som Telemark går innfor når det gjeld ny E134 mellom Gvammen og Vågslid. Sundbø Abrahamsen seier ho har stor respekt for den høyringsprosessen som skjer.