Hopp til innhold

Vil stoppe DNTs Snøhetta-prosjekt på Hardangervidda

Fleire fryktar for framtida til Europas største villreinstamme dersom signalbygget blir realisert.

Nye Mogen turisthytte

ERSTATTAR DET GAMLE: Turistforeininga har planlagt denne nye turisthytta på Mogen. Snøhetta har teikna bygget som skal erstatte ei av Hardangerviddas eldste turisthytter.

Foto: Snøhetta

Den gamle turisthytta på Mogen i Vinje er ein viktig innfallsport til Hardangervidda.

I januar la Den norske turistforeininga (DNT) fram planar for ei ny hytte. Den er teikna av Snøhetta.

No ber Hardangervidda villreinutval om at heile prosjektet blir stoppa. Dei meiner ein heller bør vurdere å avvikle hyttedrifta heilt.

– Auka ferdsel i området vil vere katastrofalt for villreinen, seier sekretær Svein Erik Lund. Han peikar på at turisthytta er omringa av sårbare område for reinen.

Villrein

90 prosent av den europeiske villreinstamma lever i Sør-Noreg. Difor har Noreg eit internasjonalt ansvar for å bevare bestanden.

Foto: Anders Mossing / Norsk villreinsenter

Erfaringa frå andre nye DNT-hytter forma ut som signalbygg viser at det medfører auka ferdsel, meiner villreinutvalet.

Det er fjellstyra og grunneigarar på Hardangervidda som sit i utvalet.

Dei ber no Vinje kommune om å avvise byggesøknaden frå DNT.

– No må ein tenke seg godt om og vurdere kva som er best for framtida, seier Lund.

Meir sjukdom

Mange turgåarar kan vere ein årsak til at villreinen brukar stadig mindre av vidda. Då er dyra langt meir utsett for sjukdom.

Nyleg blei det registrert ei kraftig oppblomstring av den dødelege sjukdomen fotråte.

Norsk institutt for naturforsking arbeider no med å kartlegge korleis ferdselen på Hardangervidda påverkar reinsdyra.

Samtidig blir det jobba med ein plan for kvar dei mange turløypene på vidda skal gå i framtida. Målet er å forstyrre reinsdyra minst mogleg.

DNT siner sommerruter på Hardangervidda

DNT sine turstiar går på kryss og tvers over heile Hardangervidda. GPS-målingar viser at reinsdyra om sommaren pressar seg saman i områda utan turiststiar.

Foto: DNT Oslo

DNT: – Ikkje overraska

Dagleg leiar i DNT Telemark, Jon Atle Holmberg, er ikkje overraska over utspelet.

– Dette er haldningar me er kjent med frå tidlegare, seier han.

Holmberg seier dei har tatt mål av seg til å bygge «Noregs råaste miljøhytte». Dei vil ta omsyn til natur og dyreliv.

No ventar han på dei faglege utgreiingane som er under arbeid. Han forsikrar at DNT ikkje vil gå vidare med prosjektet dersom utgreiingane frårådar bygging.

Jon Atle Holmberg

Dagleg leiar Jon Atle Holmberg, DNT Telemark

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Lokalpolitikarane i Vinje kommune skal behandle byggesøknaden frå DNT i februar.

Det er ei utfordring å balansere mellom omsynet til villreinen og turismen, seier Liv Sigrun Nykos Midtun. Ho er leiar i planutvalet i kommunen.

– Me er bevisste på ansvaret me har for villreinen. Samtidig veit me kor viktig turisthytta på Mogen er for lokalsamfunnet. Det er alltid fleire sider ein må vurdere, seier Midtun.

Sterke reaksjonar

Den planlagde turisthytta på Mogen har også tidlegare møtt kraftig motstand. Mange av dei fastbuande reagerte sterkt då dei fekk sjå teikningane.

– Eg fekk assosiasjonar til søppelcontainerar eller trailervelt. Eg tenker stakkars naturen som må ha noko slikt på seg, uttalte Hillborg Romtveit, som bur i området.

Nye Mogen turisthytte

Den nye turisthytta i enden av Møsvatn skal bli ei miljøhytte som produserer meir energi enn ho brukar.

Foto: Illustrasjon: Plompmozes/Snøhetta

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark