Hopp til innhold

Vil stenge populær turisthytte

Grunneigarar vil stenge ei populær turløype og turisthytte på Hardangervidda.

Villrein

Grunneigarar meiner fotturistar skremmer villreinen frå å bruke viktige beiteområde på Hardangervidda.

Foto: www.villrein.no/Arne Nyaas

Jan Øvregård, Røldal

Jan Øvregård frå Røldal.

Foto: Privat

Turistløypa er blant dei mest brukte på Hardangervidda, men grunneigarane meiner området er viktigare for villreinen enn for fotturistar.

Jan Øvregård frå Røldal er ivrig jeger og brukar av området. Han meiner folk som brukar den merka turløypa skremmer vekk villreinen frå viktige sommarbeite.

Villreinen skyr folk

– Villreinen skyr folk, veit du, seier Øvregård. Han meiner trafikken i turløypa har auka kraftig dei siste 15 åra, og viser til eit målepunkt i løypa som fortel at 3200 har passert forbi i sommarmånadene.

Kart. Hellevassbu. Haukelisæter

Turløypa mellom Haukeliseter og Hellevassbu er populær løype.

Foto: Grafikk: Stine Hansen / NRK

– I dette området er det kalkrik jord som gir eit godt sommarbeite for simler med kalv, slik at kalvane er best mogleg rusta til å møte vinteren. Men reinen tør ikkje krysse turløypa for å kome til dette gode beite, seier Øvregård.

Vil stenge turløypa og hytte

Harald H. Kvaalen

Grunneigar Harald H. Kvaalen prøvestenge turløype i ti år.

Foto: Privat

I arbeidet med handlingsplanen for forvaltinga av Hardangervidda foreslår no ei gruppe grunneigarar og rettighetshavarar i Vinje og Røldal, Odda og Ullensvang å prøvestenge turløypa og turisthytta i ti år som eit forskingsprosjekt for å sjå om villreinen tar i bruk området igjen.

– Vi foreslår å prøvestenge turisthytta Hellevassbu og turløypa til Haukeliseter i ti år, seier grunneigar Harald H. Kvaalen i Vinje.

Han vil følgje opp med eit forskingsprosjekt der ein registrerer villreinen sin bruk og ferdsla i området. Blant anna for å sjå om villreinen vil ta i bruk området den har vore utestengt ifrå.

– I første omgang er dette eit tiltak for å ta vare på villreinen sitt leveområde, seier Kvaalen.

Dramatisk for turistforeininga

Men Den Norske Turistforening opplever det som dramatisk å stenge delar av ei viktig og populær turløype som går over Hardangervidda.

Jan Erik Reiten

Driftssjef Jan Erik Reiten ser ikkje behovet for å stenge ei populær turløype.

Foto: Marius Nergård Pettersen

– Dette er eit viktig tilbod til dei som brukar Hardangervidda. Og vi synest det er eit stort inngrep å stenge eller legge ned Hellevassbu og turløypa i ti år. Det ser eg ikkje behovet for, seier Jan Erik Reiten, driftssjef i DNT.

Han understrekar at Turistforeningen samarbeider med villreininteressene i andre område. Og har vore med på å legge om turløype og legge ned turisthytte der det har vore viktig for villreinen og det finst alternativ for turfolket.

– Etter det eg kjenner til så blir villreinstammen forvalta på ein rimeleg bra måte på Hardangervidda. Og det er ikkje så dramatisk at villreinen ikkje overlever, seier Reiten.

Hellevassbu

Den sjølvbetjente turisthytta Hellevassbu er ei enkel hytte på Hardangervidda.

Foto: DNT Oslo og Omegn/Den Norske Turistforening

Brukar berre ein liten del av vidda

Olav Strand, NINA

Forskar Olav Strand i NINA meiner slike forsøk i villreinområde er viktig.

Foto: Manuela Panzacchi/NINA

Forskarane meiner det er viktig å finne ut meir om korleis turløypene påverkar villreinen. Forskar Olav Strand i NINA seier at forskarane ser ein del samanhengar mellom ferdsel og villreinen sin bruk av vidda.

– Om sommaren viser GPS-registreringar at villreinen brukar berre ein liten del av Hardangervidda.

Strand seier at det er konflikt mellom villrein og friluftsinteresser i alle villreinområda her i landet. For nokre år sidan blei det gjort eit slikt forsøk i Rondane. Der viste det seg at villreinen tok området i bruk igjen.

Vil gje sikker kunnskap

Han meiner slike eksperiment med å stenge turløyper kan gje viktig kunnskap om folk og villreinen sin bruk av vidda visst det blir gjennomført på ein ordentleg måte.

– Eg trur slike forsøk er kjempeviktig. For med slike eksperiment vil ein kunne lære fortare og vi vil få sikrare kunnskap, seier Strand.

ill. villrein hardangervidda

Figuren er laga av Olav Strand, NINA. Og er trykt i fylkesdelplan for Hardangervidda. Den viser villreinen sin nomadiske bruk av Hardangervidda.

Foto: Olav Strand, NINA / Figur