Hopp til innhold

Vil spleise på Bratsbergbanen

Alle parti vil vere med på eit spleiselag for elektrifisering av Bratsbergbanen.

Bratsbergbanen

Eit einstemmig samferdsleutval vil spleise på elektrifisering av Bratsbergbanen. Det blir uansett slutten for Y1 dieseltoga etter 1. januar 2015.

Foto: nils martin brandvik / nrk

Det blei eit einstemmig vedtak i samferdselsutvalet i fylkeskommunen for å gå inn i eit spleiselag om elektrifisering av dei siste 800 meterane av Bratsbergbanen fram til Notodden kollektivterminal.

Det betyr at heile det politiske miljøet i Telemark støttar opp om vidare drift av Bratsbergbanen, også Frp støtta vedtaket.

Andre må vere med

Sigbjørn Molvik, SV

Sigbjørn Molvik frå SV er leiar i samferdsleutvalet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Leiar i samferdselsutvalet, Sigbjørn Molvik, seier det er to føresetnader for å bidra med inntil 6,3 millioner fylkeskommunale kroner.

– Det eine er at Jernbaneverket eller andre bidrar i spleiselaget for elektrifisering. Og at staten bidrar til persontrafikk på banen etter 1. januar 2015, seier Molvik.

Samferdselsutvalet vedtok også einstemmig ei uttale til Samferdselsdepartementet med kopi til Telemarksbenken på Stortinget, der det blir uttrykt uro for dei negative signala som er kome rundt Samferdsledepartementet si haldning til vidare persontogdrift på Bratsbergbanen.

Vidare står det i uttalen:

"Fortsatt drift på Bratsbergbanen er ein viktig føresetnad for god kommunikasjon i regionen. Det er viktig for næringsutvikling, for å realisera mål om å endra reisevanane i favør av kollektive transportmidlar og i høve til verdensarvsøknaden (UNESCO) som regionen har sendt. Banen er og viktig for arbeidspendling og bind to av avdelingane til Høgskulen i Telemark saman transportmessig.

Bratsbergbanen står i ei særstilling fordi reisa med tog på strekninga (Porsgrunn-Notodden) er konkurransedyktig med bil og fordi det ikkje er eit alternativ å setja inn buss på strekninga.

Banen har ein heilt unik posisjon i å knyte fylket saman, og i å koble Telemark til teknologimiljøet på Kongsberg. Telemark fylkeskommune har over lang tid arbeidd med å utvikle Bratsbergbanen.

Telemark fylkeskommune er i ein krevjande økonomisk situasjon, men likevel anbefalar Hovudutval for samferdsel Fylkestinget at fylkeskommunen stiller midlar til rådvelde for investeringar i infrastrukturen på Brasbergbanen (elektrifisering), noko som viser engasjementet fylkeskommunen har i denne saka. Elektrifisering er eit avgjerande tiltak for å betre attraktiviteten til banen og få fleire passasjerar.

Aktørane i Telemark har gjort det dei kan for å få på plass ordningar for å kunna kjøpa billettar, syte for god korrespondanse mellom bus og tog på knutepunkta Notodden, Skien og Porsgrunn, men og mellom Sørlandsbanen og Bratsbergbanen på Nordagutu.

Hovudutval for samferdsel vil på det sterkaste oppfordre samferdselsdepartementet til å vidareføre persontogtrafikken på Bratsbergbanen, og syte for langsiktige avtalar som gjer det mogeleg å utvikle eit enda meir attraktivt og godt kollektivtilbud i vår region."