Vil kutte pris på kollektivreiser

I det nye fylkestinget vil Miljøpartiet Dei Grøne støtte den blokka som vil setje ned prisane på å reise kollektivt. Det seier Harald Moskvil, som er fyrstekandidat for MDG til fylkestingsvalet i Vestfold og Telemark. Moskvil vil bygge ut kollektivtilbodet, og setje ned prisane på kollektivreiser i Vestfold til same nivå som Grenland har i dag.

Harald Moskvil i MDG
Foto: MDG