Hopp til innhold

Listhaug skaper strid om Dyrsku'n

Bonde og småbrukarlaget i Telemark vil ikkje oppfordre medlemmene sine til boikott på Dyrsku'n.

Dyrskun 2013.

Dyrsku'n i Seljord nærmar seg, og debatten går om Sylvi Listhaug blant bøndene i Telemark. Bonde- og Småbrukarlaget meiner ein boikott vil ramme publikum på Dyrsku'n.

Foto: Børre Karterusæter / NRK

Det seier fylkessekretær Helle Kaufmann Gjerde. Men ho ser likevel behovet for ei markering.

Mjøllkebonde Ottar Flatland i Flatdal er provosert over at landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) skal opne Dyrsku'n. Han har tatt initiativ til å boikotte husdyrutstillinga dersom Listhaug held opningstalen.

– Eg ser ikkje bort frå at det kan bli ei politisk markering. Men med ein boikott så skaper ein heller ikkje klima for dialog, seier Kaufmann i Småbrukarlaget.

Boikott rammar publikum

Fylkessekretæren meiner ein boikott i første rekkje kjem til å ramme dei som kjem til Dyrsku'n.

Les også: Vil ikke oppfordre til Dyrsku-boikott

Kaufmann er dermed ueinig i forslaget frå mjølkebønder i Seljord om å la vere å stille ut dyr til dømming i protest mot at landbruksminister Sylvi Listhaug skal halde opningstalen.

Eit fleirtal i Geiteavlslaget i Vest-Telemark vil markere motstanden mot landbruksministeren ved å stille med færre geiter på årets Dyrsku-utstilling.

Gunnar Haugo

Gunnar Haugo vil stille ut Telemarkfe, men tar med færre geiter til Dyrsku'n.

Foto: Privat

Stiller ut færre geiter

Gunnar Haugo er lokallagsleder i Vinje og Rauland Småbrukarlag. Han er imot boikottlinja og stiller med Telemarksfe.

Men han vil følge oppmodinga om å redusere talet på geiter han stiller ut på Dyrsku'n.

– Eg synest det er viktig å markere at vi er mange aktive husdyrhaldarar i Vest-Telemark som er stolte av yrket sitt, seier Haugo.

Han meiner landbruksminister Sylvi Listhaug må få sjå at det det framleis er husdyr i Vest-Telemark.

– Det er viktig for framtida, meiner Haugo.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark