Hopp til innhold

Vil ha turistskatt i Kragerø – meiner det hastar å få på plass ei ordning

Raudt-politikar Tobias Drevland Lund er skuffa over at regjeringa ikkje har innført ei forsøksordning.

Handelsgate i Kragerø på sommeren

YRANDE FOLKELIV: Turistane har strøymt til Kragerø i sommar.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Kragerø kommune må snu på kvar krone etter at kommunen hamna på Robek-lista, som registrerer kommunar i økonomisk ubalanse.

Innbyggartalet i kommunen blir femdobla når om lag 50.000 turistar besøker kystperla kvar sommar.

Blindtarmen i Kragerø på sommeren

Blindtarmen i Kragerø på sommaren

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Når sommarbyen skal gjerast fin og kommunen skal tilby turistane gode tenester, får det også økonomiske konsekvensar.

– Kragerø er i ein økonomisk skvis på grunn av mange turistar og hyttefolk, seier Tobias Drevland Lund.

Stortingsrepresentanten frå Raudt meiner at det må komme ein turistskatt, slik at turistane ikkje blir ei belastning.

Regjeringa har allereie fått kritikk frå både Nordland og Møre og Romsdal fordi dei meiner at arbeidet med turistskatten tek for lang tid:

Les også Regjeringa får kritikk for manglande turistskatt: – Allereie langt på overtid

Turistar i Flåm

Søppel må fjernast

Drevland Lund viser oss noko av det Kragerø-samfunnet betaler for, og som kostar ekstra mykje når turistane rykker inn i byen.

– Legevakta og helsevesenet må dimensjonerast for ein heilt anna befolkning om sommaren, enn elles i året. Turistar har også krav på handtering av søppel, vedlikehald av offentleg veg.

Tobias Drevland Lund, stortingsrepresentant, Rødt, ser oppi en søppelkasse i Kragerø

Tobias Drevland Lund, stortingsrepresentant, Raudt, vil at overnattingsgjester skal betale turistskatt

Foto: Håkon Lie / NRK

– Dette treng kommunen hjelp til å finansiere og turistane bør bidra meir, meiner Drevland Lund.

Han er skuffa over at regjeringa ikkje har fått i gang ei forsøksordning med turistskatt.

Allereie i januar i år varsla regjeringa at dei ønskte at turistane skulle bidra til spleiselaget:

Les også Nå blir det dyrare for turistar å overnatte i Noreg

Undredal

Usemje blant lokalpolitikarane

Ordførar i Kragerø og partifelle Charlotte Therkelsen seier at ein eventuell turistskatt må behandlast politisk i Kragerø.

Ho vil heilt klart støtte ei slik ordning.

– Slik eg ser det, ville det vore eit kjærkomme tilskot til inntektene våre.

Charlotte Therkelsen, ordfører Kragerø kommune. Kragerø havner på ROBEK-lista.

Ordførar i Kragerø, Charlotte Therkelsen, er positiv til turistskatt. Varaordførar Jonas Nilsen (heilt til venstre i bildet) vil derimot stemme nei til eit slikt forslag.

Foto: Theodor Aasland Valen / NRK

Turistane genererer mykje aktivitet som næringslivet i kommunen nyt godt av, forklarer Therkelsen.

– Men det er ei totalbelastning på tenester og infrastruktur som gjer at det blir høgare utgifter.

Blindtarmen i Kragerø på sommeren

Det mykje aktivitet i Kragerø i sommarmånadene.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Ønsker du at Kragerø skal bli blant dei første i landet til å prøve ut turistskatt, slik situasjonen er nå?

– Ja, det hadde vore fint å vere med på.

Blant dei politiske partia er det derimot ulike meiningar.

Varaordførar Jonas Nilsen blei vald inn frå Høgre, men sit nå som uavhengig representant. Han er ikkje like positiv.

– Eg ville stemt nei til turistskatt. Så der er vi ueinige.

Små marginar

I forslaget frå regjeringa blei hotell og overnattingsstader nemnde som aktuelle for ei ekstra avgift, i tillegg til parkering og cruise.

NHO-direktør i Vestfold og Telemark, Kristin Saga, ønsker ikkje ei slik avgift velkommen.

– Eg forstår innspelet i forhold til rettferd og at Kragerø er ein veldig pressa kommune sommarstid. Men det vi meiner er feil er å legge denne skatten på ei næring som allereie har eit stort skattetrykk og som har ganske små marginar.

Kristin Saga - NHO

Kristin Saga meiner det blir feil viss hotella må krevje inn ei ekstra avgift i Kragerø.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Vil finne gode løysingar

Statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet, Tore O. Sandvik (Ap), seier at regjeringa prioriterer dette arbeidet.

Dei tar sikte på å sende eit lovforslag på høyring til hausten.

Besøksbidrag er noko nytt i norsk samanheng, og vi må derfor finne gode løysingar som står seg over tid. Vi er godt i gang med å gjennomføre eit lovarbeid som skal gi kommunane høve til å innføre besøksbidrag, seier Sandvik.