– Det byrjar å bli eit stort problem, seier kommunedirektør i Kviteseid, Laila Thorsen.
I løpet av dei neste par åra kan 55 av 200 tilsette i kommunen gå av med pensjon.
Ho lurer på korleis i all verda dei skal klare å skaffe nye folk til jobbane.
Det manglar ikkje interesse for å flytte til kommunen, fortel Thorsen.
Men det finst knapt eit einaste ledig hus til sals.
– Vi har opplevd at folk vil søkje på ledige stillingar i kommunen, men lèt vere fordi dei ser at det ikkje er ledige bustader, seier Thorsen.
Ho flytta sjølv frå Vestlandet i fjor då ho fekk jobben som kommunedirektør.
Kommunen har ledige tomter som ein kan få kjøpt på dagen, men det er null etterspurnad, fortel kommunedirektør i Kviteseid, Laila Thorsen.
Foto: VIGDIS HELLA / NRKMen framleis må ho leige fordi ho ikkje finn noko å kjøpe.
Samtidig har kommunen sentrumsnære tomter til dei som ønskjer å byggje.
– Men med auka pris på drivstoff, straum, mat og bustad, er det rett og slett ingen som spør etter det, seier ho.
Prisen er så låg at folk beheld bustaden
Problemet med bustadmangel gjeld mange stader i Distrikts-Noreg, fortel seniorforskar Knut Vareide ved Telemarksforskning.
Sjølv om det er mange bustader per innbyggjar, er ikkje bustadene tilgjengelege.
– Prisane er så låge at folk føretrekkjer å behalde dei, og kanskje går over til å ha dei som fritidsbustader, seier han.
– Tiltak som kan avgrense verditapet, kan hjelpe viss dei er varige, seier seniorforskar Knut Vareide ved Telemarksforskning.
Foto: Trond Vestre / NRKÅ byggje eigen bustad i distrikta, gjer at han er mindre verd enn han kostar.
– Viss du må selje etter kort tid, taper du mykje pengar. Det er ein av grunnane til at det blir bygd få bustader i distrikta, seier han.
I sentrale strøk kan du rekne med å få igjen minst det same som du investerer.
Men sånn er det ikkje i utkantane, forklarer han.
– Når du veit at du ikkje får igjen byggjekostnaden, er risikoen stor, seier han.
Nesten halvparten av alle bruktbustadene som vart lagt ut dei tre første månadene i år, var i dei ti største byområda i Noreg, viser tal frå Finn.no.
– Gitt at berre 40 prosent av befolkninga bur i dei spesifikke tettstadene, så kan ein seie at bustadtilbodet for folk i dei norske byane er større enn i landet elles så langt i år, seier leiar i Finn Eiendom, Jørgen Hellestveit.
Ber om billigare moms
Løysinga kan vere billigare moms for folk som byggjer hus på bygdene, meiner lokalpolitikarar i Kviteseid Sp.
Det kan gjere at fleire tør å byggje i distrikta, påpeikar Dordi Didriksen (Sp).
– Vi har hatt unge som har hatt lyst til å etablere seg, men som ikkje finn bustader. Vi har ledige tomter, men det er for stor risikosport å byggje. Då har dei kjøpt eller bygd bustad der det lønner seg, seier Didriksen.
– Vi har arbeidsplassane, men ikkje bustadene. Det er ein vond spiral og ganske frustrerande, seier Sp-politikar Dordi Didriksen i Kviteseid.
Forslaget om billigare moms tok ho opp på landsmøtet i Sp tidlegare i vår. Der fekk ho svar frå kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
– Han var veldig klar over problematikken og sa at dette er noko dei allereie jobbar med. Dei er ikkje sikre på om momsrefusjon blir løysinga, men ein økonomisk kompensasjon som stimulerer til bustadbygging i utkantane er på dagsordenen, seier Didriksen.
Ho meiner det hastar med tiltaka.
Utan bustader går kommunen glipp av nye innbyggjarar og skatteinntekter, påpeikar ho.
– Det hjelper ikkje å satse på næring viss det ikkje er bustader til dei som ønskjer å etablere seg.
Jobbar med tiltak
– Desse problemstillingane er vi opptekne av å finne gode løysingar på saman med kommunane, seier kommunal- og distriktsminister, Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) ser at mange distriktskommunar har ei utfordring med lite nybygging og lite variert bustadtilbod.
Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRKRegjeringa skal våren 2024 leggje fram ei stortingsmelding om heilskapleg bustadpolitikk.
– Kva for nokre konkrete tiltak meldinga vil innehalde, er det for tidleg å seie noko om, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Kommunalministeren er likevel tydeleg på at kommunane har ei nøkkelrolle i bustadpolitikken, og kan tilpasse tiltaka lokalt.
Det finst fleire moglegheiter for kva kommunane kan gjere, viser han til.
Nokre kommunar testar ut ein kommunal tilbakekjøpsavtale for å avlaste risikoen for økonomisk tap ved sal av bustader.
I tillegg har Husbanken lån til bustadkvalitet i dei minst sentrale kommunane, opplyser Gjelsvik.
Distriktskommunar kan også søkje om tilskot frå ei eiga ordning for å teste ut nye bustadkonsept, påpeikar han.
Vil heller satse på andre tiltak
Statssekretær i Finansdepartementet, Lars Vangen (Sp), har lita tru på forslaget frå partifellen i Kviteseid.
– Vi meiner det er betre å bruke budsjettet til å gjere målretta greip til å skape aktivitet i heile landet enn å lage kompliserte særreglar innanfor meirverdiavgifta, seier han til NRK.
Han meiner det vil vere krevjande å differensiere meirverdiavgifta etter sentralitet for varer og tenester som blir brukte til å byggje hus.
– Regjeringa vil heller satse på andre tiltak for å bidra til bustadbygging og aktivitet i heile Noreg, seier Vangen.