Hopp til innhold

Vil du bli kvitt uvanane etter ferien? Her er tips som hjelper deg med å lykkast

Kvardagen kan kjennast litt ekstra grå, dersom du samtidig brått vil kutte feriekosen. Det er éi felle du ikkje bør gå i, åtvarar ekspert.

sommermodus

SOMMARDAGAR: God mat og noko godt i glaset høyrer ofte sommarferien til. Men snart vil dei fleste tilbake til vanlege rutinar.

Foto: Ole Oskar Eriksen / NRK

Sommarferien er snart over for dei fleste. Og kanskje du har unnt deg litt ekstra?

Gutt spiser is

Ein is om dagen, gjer godt i magen.

Foto: Ole Oskar Eriksen / NRK

Is, potetgull, snop, opptil fleire glas med noko godt i og seine middagar.

For ja, det er jo ferie.

Pensjonistane Kjersti Eliassen og Anne Hagen kjenner seg igjen.

– Ein må kose seg når ein kan, seier Eliassen.

– Eg koser meg alltid og gjer det eg har lyst til og et det eg har lyst på, seier Hagen.

Kjersti Eliassen og Anne Hagen

Kjersti Eliassen og Anne Hagen synest det er viktig å kose seg mens ein kan.

Foto: Ole Oskar Eriksen / NRK

Trond Svenskerud nyt siste feriedag i båten, før han skal tilbake på jobb.

Han meiner han ikkje har nokon ferievanar.

Trond Svenskerud

Trond Svenskerud har siste del av ferien sin i båten. Snart startar kvardagen igjen på jobb.

Foto: Ole Oskar Eriksen / NRK

– Blir berre litt latare og tjukkare, tullar han.

– Ein gjer jo ikkje så mykje, et for mykje og koser seg. Kosar meg med god mat og litt godt i koppen. Det blir godt å komme tilbake igjen i kvardagen nå.

Svenskerud gjer ingen strenge tiltak, og trur kanskje det er best sånn.

Les også Cottage cheese går viralt: Klarer ikke å dekke etterspørselen

Viral cottage cheese-trend

Den vanskelege overgangen

Det kan vere utfordrande å snu vanar ein har lagt seg til etter fleire veker med ferie.

Mariann Deila Bryn er mental og fysisk trenar og kjenner seg godt igjen.

– Dei første dagane synest i alle fall eg ofte er vanskeleg, og det veit eg mange også slit med.

Mariann Deila

Mariann Deila Bryn jobbar som mental og fysisk trenar.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Ho presiserer at den kjensla ein kjenner på rett etter ferien er mellombels.

– Det er ikkje sånn at vi har lagt på oss ti kilo i løpet av tre veker med ferie, sjølv om det kan kjennast sånn.

Det er éin ting du absolutt ikkje bør gjere etter ferien, seier ho.

– Ikkje gå i den fella som så mange gjer og hoppar på ein ekstrem diett.

Hvilken ferievane er det vanskeligst å endre på?

Deila Bryn åtvarar mot å ha ambisjon om å trene sju dagar i veka og berre ete kylling og brokkoli.

– Det varer berre i fire dagar, og det er berre smerte og pinefullt undervegs.

Gå tilbake til dei vanlege rutinane, et det vanlege maten og vêret i fysisk aktivitet, meiner Deila Bryn.

– Så vil du etter ganske få dagar kjenne deg mykje betre igjen.

Dersom du ønsker å komme tilbake til, eller starte med sunnare rutinar har eksperten råd:

Lag avtale med nokon

Det kan lønne seg å gå saman med partnar eller dei ein bur med, eller å berre bli einig med seg sjølv, rår Deila Bryn.

– Øv på dei vanlege rutinane, så vil det etter nokre få dagar kjenst mykje lettare. Det er ofte overgangen som kan vere krevjande.

Ver snill med deg sjølv

Det nyttar ikkje å vere streng. Det er meir formålstenleg å vere støttande og grei.

Med det meiner ikkje Deila Bryn at ein fortener vin eller sjokolade, men heller gi kroppen god og næringsrik mat.

Går ein da på ein smell, nyttar det ikkje å kjefte på seg sjølv.

– Det er alt eller ingenting som ofte tar knekken på oss når vi skal etablere sunne rutinar. Du treng ikkje da å tenke at nå er alt øydelagt, kjefte på seg sjølv og fortsette å ete usunt. Alt er ikkje øydelagt av den grunn.

Les også Ekspertene svarte: – Å være litt overvektig er ikke så helseskadelig

Else Kåss Furuseth i NRK-serien Helsekost Furuseth

Flytt fokuset

Fokus på det du vil et meir av, i staden for det du ikkje skal ete, seier Deila Bryn.

– Jo meir du tenker på alt det du ikkje skal ete, jo meir energi bruker du på å avstå frå det.

Flytt fokuset til dei sunnare matvarene du vil ete meir av og fyll kjøleskapet med desse.

Fjern freistingar

Eit anna konkret tips er å ikkje ha alle dei usunne freistingane lett tilgjengeleg.

Ønsker du å ete bær i staden for sjokolade; gjer det enkelt ved å ikkje ha sjokolade i skapet, men ha bær der i staden.

– På den måten riggar du omgivnadene og hjelper deg sjølv å ta betre val i overgangen frå ferie til kvardag.

Les også Vi spiser stadig mindre frukt og grønt

Grønsaker, frukt og matvarer som ligg i ein kjøledisk i ein matbutikk.