Hopp til innhold

Utleigehytter under vatn kan bli turistmagnet

Færder kommune er ein av dei største turistkommunane i landet. No vil gründerar byggje eksklusive undervasshytter ved Verdens Ende på Tjøme.

Hytter under vann på Tjøme

SPEKTAKULÆRT: Hyttene skal bli eit nytt trekkplaster på Tjøme.

Illustrasjon: Illustrasjon/Spir Arkitekter

– Me ynskjer å lage dei fyrste undervasshyttene i Europa, seier Trond Barth Andersen.

Andersen fortel at dei har halde på i eitt og eit halvt år for å finne staden, så fann dei den på Tjøme, ytst i havet.

Ved svaberget, på Verdens Ende, ca. 100 meter frå land, skal hyttene ligge.

Frå brygga skal det vere ei kabelferje som skal frakte overnattingsgjestane ut til dei flytande hyttene. Dei skal gå opp og ned med tidvatnet. Over vatnet skal det vere noko utbygging, med bålpanne, våtrom og soverom. Og badstove, sjølvsagt, fortel Barth Andersen.

– Med ei trapp ned til eit heilt spektakulært rom, under vatn.

Undervannshytter

UTSIKT: Truleg blir vatnet lyst opp, slik at du kan sjå plantene og dyrelivet.

Illustrasjon: Illustrasjon/Spir arkitekter

Andersen og tre andre investorar blar opp 20 til 25 millionar kroner for hyttene som skal vere mogleg å leige heile året.

Attraksjonar under vatn har vist seg å vere populært. Undervassrestauranten «Under» fekk stor merksemd da den blei lansert. I Asia finst det også hotell der ein søv under vatn.

Lang prosess

Ordførar Jon Sanness Andersen i Færder kommune synest prosjektet verkar spennande og seier det kan gjeve positive ringverknader i kommunen.

– Hyttene er ikkje noko ein leiger seg inn på for ei heil veke, men ein dag eller to. Da vil ein også leige seg inn andre stader. Det å skape næring i randsona til nasjonalparken er noko me jobbar veldig med å få til, seier ordføraren.

Vegen frå idé til ferdige hytter er likevel lang. Saka må behandlast hos kommunale og nasjonale myndigheiter.

Undervannshytter

Slik ser det ut ovanfrå. Frå land tek ein seg over med ein kabelferje.

Foto: Spir arkitekter

– Internasjonal oppsikt

Det er dei same investorane som står bak tretopphyttene i Horten, og det var nettopp der idéen kom ein kveld, fortel ein av dei andre investorane, Einar Christian Erlingsen.

– Det var ein kveld me sat der oppe og så fekk me gode idear.

Han har vakse opp ute ved skjera ved Verdens Ende.

– Så byrja me å tenke på at det kunne vore frykteleg morosamt å lage undervasshytter på Verdens Ende.

Hjula byrja å spinne. Da dei sjekka litt rundt, fant dei svært lite liknande, i alle fall ikkje i Europa, fortel Erlingsen.

Undervannshytter Færder

Hyttene skal ligge inntil svaberget øvst til venstre på bilete.

Foto: Fredrik Hansen / NRK

– Fann ingenting i Europa, så dette trur eg kjem til å vekkje internasjonal oppsikt altså, seier Erlingsen entusiastisk.

Dei har fått med seg arkitektfirmaet Spir i Tønsberg

Eksklusivt tilbod

Når hyttene blir klare og kor mykje dei vil koste, er førebels usikkert, men det blir ikkje gratis. Truleg blir det dyrare enn tretopphyttene i Horten. Dette blir eit litt meir eksklusivt innslag i Vestfold-turismen, meiner investorane.

– Det blir nok ikkje ei heilt billig oppleving heller for dei som vil leige, det blir det ikkje med slike investeringar, fortel Erlingsen.